Soldater fra StormingeniørtroppenSoldater fra Stormingeniørtroppenhttp://forsvaret.no/media/PubImages/disponering-stormingenior.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1304Alle som har gjennomført førstegongsteneste må vere førebudd på at Forsvaret har behov for å gjenbruke kompetansen deira.

Disponeringskort

Disponeringskort fortel deg kva for ei avdeling du skal møte ved i tilfelle krise, konflikt eller krig. Det er ikkje innkalling til teneste.
​​Forsvaret vel ut personell som får melding om disponering. Desse er valt ut med bakgrunn i tidlegare militærteneste, og dessutan militær og/eller sivil utdanning.
 
Å vere disponert tyder ikkje at du automatisk blir kalla inn til repetisjonsøving. Alle som har gjennomført førstegongsteneste må vere førebudd på at Forsvaret på eit eller anna tidspunkt har behov for å gjenbruke kompetansen deira.
 
  • Disponering er ein del av verneplikta. Disponeringstida kan ikkje trekkjast frå tenesteplikta på 19 månader.
  • Disponering blir ikkje godtgjort. Det er berre ved innkalling til teneste og frammøte du mottek godtgjersle.
  • Du kan vere disponert sjølv om du er student. Kjem det ei innkalling til repetisjonsøving, vil Forsvaret vurdere om tenesta lèt seg kombinere med forpliktingane dine som student.
  • Disponering gjeld berre for dei som har gjennomført førstegongsteneste eller teke ei utdanning i Forsvaret.

Helse

Dersom du er mellombels skadd eller sjuk treng du ikkje gje Forsvaret melding om dette. Du er førebels berre disponert til teneste.
 
Meiner du derimot at du av medisinske årsaker permanent ikkje er i stand til å tenestegjere, må d​u sende ein søknad til Forsvarets personell- og vernepliktssenter. Det er viktig at søknaden inneheld ein legeattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Søknaden blir vurdert av ein militær lege.
 

Søknad sendast til:

Forsvarets personell- og vernepliktssenter
Postboks 800, postmottak
2617 Lillehammer

Eller på e-post til forsvaret@mil.no​.
 

Heimevernet sine innsatsstyrkar

Du kan søke om opptak til Heimevernet sine innsatsstyrkar sjølv om du har motteke melding om disponering. Blir du teke opp i ein innsatsstyrke, så blir disponeringa endra.
 

Melding om endring til Forsvaret

Om du får ny adresse, e-postadresse eller telefonnummer, må du​ melde frå til Forsvaret. Tek du ei utdanning bør du òg melde frå til Forsvaret. Det kan ha tyding for din disponering. ​​​​​
Publisert 3. oktober 2014 11:50.. Sist oppdatert 22. desember 2016 12:57.