karriere_322_repetisjonstenesteogkarriere_322_repetisjonstenesteoghttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=13572Repetisjonsteneste​​Både repetisjonsteneste og årleg trening i Heimevernet er ein del av verneplikta./media/PubImages/SNH_5288-forside-rep.jpg

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​I repetisjonsteneste og årleg trening i Heimevernet blir du kalla inn til øvingar for å halde ved like både det du har trent på, og kunnskapen om di eiga rolle i krise eller krig.​​​

Både befal og meinige kan kallast inn til repetisjonsteneste. Eit eksempel på repetisjonsteneste er øvinga «Trident Juncture». Forsvaret sitt behov avgjer kven som blir valde ut til repetisjonsteneste. Normalt er tenesta på 21 dagar, men nokre kan i tillegg kallast inn til teneste i inntil 9 dagar før eller etter kvar øving.

​Økonomi under øvingar

Under repetisjonsteneste eller øvingar i Heimevernet får du eit økonomisk tillegg. Du kan òg søke om økonomisk støtte. Sjå oversikt her​.​

 

 

Årleg trening i HeimevernetÅrleg trening i Heimevernet<p>​Over halvparten av dei som avtener førstegongsteneste blir etter kvart overført til Heimevernet. Heimevernet støttar det sivile samfunnet, forsvarsgreinene og totalforsvaret i fred, krise og krig.</p><p>For å bli kalla inn til teneste i Heimevernet må du, i tillegg til å ha fullført førstegongsteneste eller utdanning i Forsvaret, ha god helse og plettfri vandel. Du må godkjennast av ei lokal kommunal heimevernsnemnd. Der er det to representantar som er oppnemnd av kommunestyret og ein frå den lokale politietaten og sjefen for det aktuelle HV-området.</p><p>Har du fullført førstegongsteneste eller teke ei utdanning i Forsvaret, kan du òg søke deg inn i Heimevernet sine innsatsstyrkar.<br></p>http://forsvaret.no/karriere_/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=42