Samøvelse mellom Forsvaret og Politi, brannvesen, ambulansetjenesten og andre sivile aktørerSamøvelse mellom Forsvaret og Politi, brannvesen, ambulansetjenesten og andre sivile aktørerhttp://forsvaret.no/media/PubImages/samovelse-forsvaret-sivile-aktorer.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1227Øving mellom Forsvaret og andre sivile aktørar.

Sivilforsvaret og politireserven

Kvart år blir over tusen vernepliktige overførte til Sivilforsvaret eller politireserven.

​​​​​​​​​​​​Sivilforsvaret

Sivilforsvaret er statens forsterkningsressurs og assisterer politiet, brannvesenet og ambulansetenesta ved større ulykker og katastrofar.

Sivilforsvaret treng rundt tusen nye personar kvart år. Menn og kvinner mellom 18 og 55 år som bur i Noreg, har plikt til å tenestegjere i Sivilforsvaret om dei blir valde ut (jf. lov om Sivilforsvaret). Forsvaret samarbeider med Sivilforsvaret om rekrutteringa. Personellet i Sivilforsvaret skal ha ei geografisk tilknyting til aktuelt sivilforsvarsdistrikt. 

Du kan sjølv søkje om å bli disponert i Sivilforsvaret. Kravet er at du har vore på sesjon og har ei helse som tilfredsstiller dei krava Sivilforsvaret stiller. Dei som blir valde ut, har plikt til å tenestegjere. 

Du finn meir informasjon om kurstilbod og søknadsskjema på www.sivilforsvaret.no.
 
Verneplikta inneber tenesteplikt i 19 månadar. Om du har gjennomført førstegongstenesta, får du 12 månadar trekt frå i tenesteplikta i Sivilforsvaret.
 

Politireserven

Det er Utrykningspolitiet som administrerer politireserven. Oppgåvene til politireserven er:

  • O​bjektvakthald og vaktteneste
  • Trafikk- og patruljeteneste
  • Grensekontroll
  • Personsikring 

For å bli med i politireserven, er det eit krav at du har fullført førstegongstenesta.

Politireserven treng kvart år rundt hundre nye personar. Rekrutteringa skjer blant dei som har fullført førstegong​​sten​esta og som er busett i austlandsområdet. Du må ha plettfri vandel, være motivert, helsemessig eigna og i god fysisk form for å bli disponert i politireserven. 

Publisert 18. september 2013 12:55.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:52.