Informasjon før du møter

Bestill reise

Finn fram

Ta med (pakkeliste)

Spørsmål og svar

Fly

Om det står informasjon om flybestilling i innkallinga di, får du gratis flyreise.

Du skal ikkje betale for flybilletten. Forsvaret refunderer ikkje flybillettar som er bestilte privat.

SLIK BESTILLER DU FLY:

  1. Ring 64 80 33 32, 64 80 33 34 eller 64 80 33 37 (kl. 08.00–15.30).
  2. Oppgi referansenummeret som står i innkallingsbrevet ditt. Har du mist nummeret, må du først ringje 03003 for å få nytt.
  3. Avtal tid og stad for reisa. Du får opplese eit nytt referansenummer i retur. Ta godt vare på dette nummeret. Du skal bruke referansenummeret for å løyse ut flybilletten på flyplassen.

Sessvollmoen

Det står uniformert personell på Oslo lufthavn (Gardermoen) som fortel deg kva du skal gjere for å kome deg til leiren.

Forsvaret har satt opp bussar som tek deg frå Oslo lufthavn til Sessvollmoen. Bussane kjører i skytteltrafikk mellom Oslo lufthavn og Sessvollmoen. Dei kjører når dei er fylt opp og ikkje på noko bestemd tidspunkt.

Oppmøtet på Sessvollmoen varer berre ein dag, og du blir sendt vidare til tenestestaden på ettermiddagen eller kvelden. Forsvaret ordnar denne transporten.



KNM Harald Haarfagre (Madla)

Kjem du med tog til Stavanger må du ta rutebuss nr. 29 frå haldeplass 32.

Tek du flybussen frå Sola flyplass kan du gå rett av utafor leiren. Hugs militær rabatt på flybussen.

Obligatorisk

  • Klesplagg for årstida (spesielt viktig om vinteren), pakk lett – det held med 4–5 klesskift
  • Toalettsaker
  • Innkallinga, som gir deg rabatt på tog (90 % rabatt på NSB sjølv om du reiser i sivilt), buss og båt
  • Identifikasjon (bankkort, førarkort eller anna)
  • Kontonummeret ditt, for utbetaling av reisegodtgjering og dagpengar
  • Matpakke til den første dagen (det kan gå lang tid før du får mat i leiren)
  • Lommepengar til dei første vekene, det tek vanlegvis eit par veker før du får utbetalt det første tenestetillegget (dei fleste leire har kortterminal)

Ta med dersom du har:

  • «Brilleseddel» eller «Synstest for førarkort» (det får du hos ein optikar) om du bruker briller/linser
  • Legeattestar (som er nye etter sesjon), vaksinasjonsattestar
  • Førarkort og andre sertifikat, kopiar av vitnemål og attestar du meiner er relevante for Forsvaret
  • Dokumentasjon på matallergi frå din fastlege (viktig for at leiren skal kunne tilpasse mat til allergikarar)
  • Nødvendige medikament (NB! Må ha original emballasje)
  • Dokumentasjon på at du treng økonomisk støtte

FÅR EG DEKT HUSLEIGE/BOLIGLÅN?

Med nokre føresetnadar kan du få økonomisk stønad til ei rekkje ting. Sjå oversikt her.


KAN EG TA OPP FAG FRÅ VIDAREGÅANDE SKULE (VGS)?

Ja, sjå eigen informasjon her.


EG BLIR FORSEINKA. KVA GJER EG?

Å møte litt forseinka (grunna trafikk eller andre uventa hendingar som du ikkje kan klandrast for) går fint. Er forseinkinga under ein time treng du ikkje gjere noko. Blir du meir forseinka enn ein time, ring Forsvaret på 03003.


KAN EG MØTE DAGEN FØR?

Det varierer. Om du ikkje kan møte presist på grunn av tog-, buss- eller flytider, kan du møte dagen før. Hugs å ta med matpakke dersom du kjem seint.

KNM Harald Haarfagre (Madla): Kjem du med fly, ta flybussen til leiren. Kjem du med tog eller buss, ta rutebuss frå sentralstasjonen til leiren. Du treng ikkje ringje i førevegen. Meld deg i porten/vakta.

Sessvollmoen: Ring Forsvaret på 03003 i førevegen for å ordne transport frå Gardermoen til leiren. Du får eit telefonnummer du må ringje for å avtale å bli henta.

Terningmoen: Unngå å møte dagen før. Om du har viktige årsaker som gjer at du må møte dagen før, ring Forsvaret på 03003 for å avtale tidlegare oppmøte.

Innkallinga kan bli annullert

For nokre kan innkallinga til førstegongsteneste bli annullert, sjølv etter at du har starta i tenesta. Det kan skje dersom du ikkje tilfredsstiller krava når du skal tryggleiksklarerast. Det kan òg skje dersom helsa di har forverra seg sidan du blei godkjend på sesjon.


Les meir om Forsvarets krav