VernepliktVerneplikthttp://forsvaret.no/media/PubImages/fjell-landskap-tk.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=743Vernepliktige er ein bærande bjelke i forsvaret av Noreg. I eit grisgrendt land med store landområde og ei særs lang kystlinje, er norsk tryggleik avhengig av at stadig nye generasjonar sluttar opp om Forsvaret.

​​​​​​​​​​Kven blir vernepliktig?
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Både menn og kvinner (berre kvinner fødd i 1997 eller seinare) som er norske statsborgarar kan bli verneplikt​ige.​ For å bli vernepliktig, må du ha vore​​ på sesjon del 2 og blitt kvalifisert til militærteneste. ​

​Verneplikta gjeld frå året du fyller 19 år og fram til og med året du fyller 44 år (55 år for vernepliktig befal). Dei som gjennomfører 12 månadar med befalsutdanning og 12 månadar pliktteneste, blir vernepliktig befal. ​

Enhver statens borger er i alminnelighet like forpliktet til i en viss tid å verne om sitt fedreland, uten hensyn til fødsel eller formue.

Grunnlova § 119​​

19 månader tenesteplikt 

Som vernepliktig pliktar du å gjennomføre inntil 19 månader (575 dagar) ordinær teneste. Ordinær teneste er førstegongsteneste, repetisjonsteneste og vanlig heimevernsteneste. Det betyr at når du har gjennomført 12 eller 18 månader førstegongsteneste, kan Forsvaret kalle deg inn til respektive 7 eller 1 månader repetisjonsteneste eller heimevernsteneste fram til det året du fyller 44 år (55 år for befal). Dette er bestemd av Stortinget. 

Frivillig teneste som utdanning i Forsvaret, teneste i utlandet, verving, teneste i Heimevernet sine innsatsstyrkar eller tilsetting i Forsvaret reknast ikkje som ein del av tenesteplikta. Unntaket er om du ikkje har gjennomført førstegongstenesta før du tek til med utdanning i Forsvaret. Da blir det første året av utdanninga rekna som førstegongsteneste og 12 månader gjennomført tenesteplikt. ​

Spesielt for tenesteplikt i Heimevernet


I Heimevernet er den årlige ordinære tenesteplikta inntil 6 dagar for meinige/visekorporalar/korporalar og inntil 9 dagar for befal og spesialistar fram til ein​ fyller 44 år (55 år for befal).  
Om du inngår kontrakt med ein av Heimevernets innsatsstyrkar får du i tillegg inntil 30 dagar pliktig teneste per år. Teneste i Heimevernets innsatsstyrkar reknast som frivillig teneste, og dei ekstra 30 dagane per år reknast ikkje inn i dei 19 månadene ordinær tenesteplikt. ​

VISSTE DU AT … ​​

8 av 10 i førstegongstenesta seier at dei trivst godt eller særs godt.

Omtrent halvparten ​meiner at førstegongstenesta blei enda betre enn forventa. Og soldatane trivst betre jo lengre inn i tenesta dei kjem.

Nesten halvparten har fått meir lyst på ​ein​ karriere i Forsvaret etter å vore inne til førstegongsteneste.​

​Kvinner og verneplikt

Stortinget ​har med breitt fleirtal vedteke at Noreg skal ha allmenn verneplikt. Verneplikta gjeld berre for kvinner fødd i 1997 eller seinare. 

Verneplikt for kvinner inneber at Forsvaret kan rekruttere dei best eigna og mest motiverte, uavhengig av kjønn. Det betyr ikkje at alle kvinner blir kalla inn til teneste, eller at det kallast inn like mange kvinner og menn. Alle blir vurdert likt, og Forsvaret vel dei som er best eigna. Dei kvinnene som blir kvalifiserte på sesjon og innkalla til førstegongsteneste, kan ikkje velje dette bort. 

Kvinner fødd før 1997, som tar utdanning i Forsvaret eller gjennomfører frivillig førstegongsteneste, må skrive under på ei viljeserklæring (ein kontrakt). Då får​ dei ei tenesteplikt tilsvarande verneplikta. 

Førstegongstenesta er ein liten del av verneplikta

Forsvaret treng kvart år rundt 8​​000 personar* til å gjennomføre førstegongstenste. Førstegongstenesta er dei 12 første månadane av den 19 månadar lange tenesteplikta. ​

* Det er kvart år fleire vernepliktige enn det Forsvaret har bruk for. Derfor er det ein del vernepliktige som aldri tenestegjer. Dei er likevel vernepliktige, og dei kan kallast inn til Forsvaret viss Noreg kje​​​​​​m i ein situasjon med krise eller krig. 

 Meir om verneplikt

 

 

Repetisjonsteneste<img alt="" src="/media/PubImages/cold-response-2bn-oving-vinter.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Repetisjonsteneste​​Både repetisjonsteneste og årleg trening i Heimevernet er ein del av verneplikta. http://forsvaret.no/repetisjonstjeneste
Sivilforsvaret og politireserven<img alt="" src="/media/PubImages/samovelse-forsvaret-sivile-aktorer.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Sivilforsvaret og politireservenKvart år blir over tusen vernepliktige overførte til Sivilforsvaret eller politireserven.http://forsvaret.no/tjeneste/Sivilforsvaret-og-politireserven
Verneplikta i totalforsvaret<img alt="" src="/media/PubImages/ovelse-grabein-harstad-2bn.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Verneplikta i totalforsvaretTotalforsvaret er ei fellesnemning for det militære forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg. http://forsvaret.no/karriere/forstegangstjeneste/verneplikta-i-totalforsvaret