RekruttRekrutthttp://forsvaret.no/media/PubImages/rekruttskole-skjold-stridsteknikk.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=429Ein rekrutt trenar på stridsteknikk med vernemaske.
Rekrutter på øvelse i Troms / Recruits at an exercise in nothern NorwayRekrutter på øvelse i Troms / Recruits at an exercise in nothern Norwayhttp://forsvaret.no/media/PubImages/rekruttskole-felt-troms.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=427Rekruttar på øving i Troms.
Rekrutter til å bli fallskjermjeger på Rena / Recruits to become a paratrooper in RenaRekrutter til å bli fallskjermjeger på Rena / Recruits to become a paratrooper in Renahttp://forsvaret.no/media/PubImages/rekruttskole-skyting-fallskjermjeger.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=430Opplæring i våpenbruk med skarp ammunisjon er ein viktig del av rekruttperioden.
sikkerhetsopplæring på marinens rekruttskole knm harald haarfagre emergency training at the norwegian navy's initial training campsikkerhetsopplæring på marinens rekruttskole knm harald haarfagre emergency training at the norwegian navy's initial training camphttp://forsvaret.no/media/PubImages/rekruttskole-madla-sikkerhetsopplaring.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=428Sikkerheitsopplæring på Sjøforsvarets rekruttskule KNM Harald Haarfagre.

Rekruttperioden

Rekruttperioden, eller grunnutdanninga, er dei første 6–8 vekene i førstegongstenesta.
​​​​Noe skjedde da troppen fikk på uniform. Vi ble rakere i ryggen, trampet hardere med foten og ropte høyere. Vi gikk fra et «jeg» til et «vi». 


​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Før rekruttperioden

Dei 2–3 første dagane i Forsvaret, før rekruttperioden startar, dreiar seg om å samle inn rett informasjon om deg. Du skal mellom anna gjennom (alt er obligatorisk):​
  • Tannlegesjekk
  • Blodprøve og vaksinasjon
  • Måling av høgde, vekt, syn og fargesyn
  • Samtale med lege og psykolog dersom du har endra​ helse etter sesjon del 2
  • Samtale med økonomioffiser
  • Fotografering til ID-kort
  • Tryggleikskontroll (søk etter narkotika, doping, ulovlege medisinar, våpen etc.)

Om rekruttperioden

​​​​​​Undervisninga i rekruttperioden er både teoretisk og praktisk, og ho skjer både innandørs og u​tandørs.​

Du må rekne med ein del teneste også på kveldstid, og dei første to vekene er det vanleg at du ikkje får forlate leiren.

Ein typisk dag på rekrutten: ​

  • 06.00: Revelje 
  • ​06.15: Frukost
  • 07.30: Inspeksjon av rom
  • 08.00: Undervisning ​
  • 11.00: Lunsj
  • 12.00: Undervisning
  • 16.00: Middag
  • 17.00: Fritid eller undervisning om nødvendig

Første permisjon​

Det er vanleg at du ikkje får den første helgepermisjonen, det vil seie fri laurdag og sundag, før den andre eller tredje helga. Vidare utover i rekruttperioden er det vanleg med generell helgepermisjon, med mindre undervisning eller øving er lagt til helga.

Første langpermisjon – altså permisjon som strekkjer seg over fleire dagar, inkludert kvardagar – får du først etter rekruttperioden. Det er vanleg å få nokre dagars permisjon i overgangen frå rekruttperioden til overføring til tenestestaden der du skal vere resten av førstegongstenesta.

Uniformsplikt dei første vekene

Dei første vekene er det uniformsplikt. Det vil seie at du ikkje kan bruke dine eigne klede eller ditt eige utstyr så lengje du er i leiren. Unntaket er undertøy og treningsklede. Etter ei stund får du lov til å bruke dine eigne klede når du ikkje er i teneste, altså på fritida. Det kan òg hende det tek fleire dagar før du får uniform, så ta med sivile ​klesplagg for eit par veker. ​

Dagen startar med romvask

Reveljen eller vekkjesignalet går som regel klokka 06.00, og dagen startar med romvask og frukost. Her er det smart å finne gode rutinar i samarbeid med dei du deler rom med. Fordel arbeidsoppgåver og etabler rutinar for samarbeid. Inspeksjon av romma skjer som regel dagleg før tenesta tek til.

Våpenopplæring

I tenesta er det personlege våpenet ditt ei HK416-rifle. I utdanninga legg vi vekt på at du skal bli fortruleg med våpenet og tryggleiksreglane. Du får i tillegg lære korleis du handterer puss og vedlikehald, også i felt. Øving med skarp ammunisjon blir òg gjennomført i rekruttperioden. 

Stridsteknikk

Du får opplæring i grunnleggjande militære fag og handtering av våpen i strid, vernemaske og CBRN-utstyr (chemical, biological, radiological and nuclear). Kamuflasje, samband og etablering av base i felt er nokre døme på det du skal lære som rekrutt. I løpet av rekruttperioden blir det òg gjennomført ei eller fleire øvingar i felt.

Soldatopplæring

Dette inneber mellom anna opplæring i bruk av kart og kompass og sanitet. Den grunnleggjande opplæringa består mellom anna av basal hjarte- og lungeredning, livreddande førstehjelp (ABCDE-metoden), førstehjelp på ulykkesstaden, frostskadar, brannskadar, transportmåtar og forflyttingsteknikk, felthygiene og evakuering av skadde. Rett påkleding i felt er òg ein viktig del av opplæringa. 

Fysisk trening

Den fysiske forma di, det vil seie styrke og kondisjon, blir testa. Vanleg førstegongsteneste har generelt ikkje noko fy​siske minstekrav, men du har testplikt i eit sett med ​felles øvingar. Gjennom heile rekruttperioden står fysisk trening på timeplanen.

Slutta orden

Som rekrutt får du opplæring i korleis du står fram som enkeltsoldat og som ein del av ein tropp. Du og resten av troppen blir lært opp til å kunne marsjere presentabelt og ta del i oppstilling saman med andre troppar og heile kompani. I tillegg legg vi vekt på helsing, skikk og bruk og korrekt ​militær åtferd​.
Publisert 11. desember 2014 11:08.. Sist oppdatert 13. januar 2017 10:53.