Setnesmoen leirSetnesmoen leirhttp://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-andalsnes.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1055Setnesmoen leir (ved Åndalsnes)

Sesjon i Åndalsnes

​​​​​​​​​​​​​Slik reiser du hit

  • Med buss: Det skal være mogleg å ta buss med frammøte til oppsett sesjonsdag og tid. Sjå bussruter på frammr.no. Gå av bussen på Setnes/Grytten kyrkje. Frå der er det ca. 200 meter å gå til leiren. Følg skilt til sesjon.
  • Med bil: Køyr bil mot Åndalsnes.
    Kjem du via Vestnes, ta av til høgre mot Setnesmoen/sesjon når du har passert Veblungsnes/Grytten kyrkje, ca. 1 km før Åndalsnes sentrum.
    Kjem du via Isfjorden, køyr forbi Åndalsnes sentrum, over brua og ta deretter til venstre etter ca. 300 meter mot Setnesmoen/sesjon.

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei ve​ke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no.​

​Praktisk informasjon
Besøksadresse​​Setnesmoen leir (ved Åndalsnes)
​Parkeringsmoglegheit​Ja (gratis parkering)
​GPS-lokalitet​62.550701,7.681764​​​​
​ ​
Publisert 6. januar 2015 15:33.. Sist oppdatert 18. juni 2018 15:12.