Sesjon i Bergen (Sverresborg)Sesjon i Bergen (Sverresborg)http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-bergen.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1040Sesjonssenteret i Bergen (Sverresborg)

Sesjon i Bergen (Sverresborg)

​​​​​​​Slik reiser du hit

  • Til fots: Frå Fisketorget i Bergen, gå mot Fløibanen. Ved nedre stasjon, ta til venstre og følg vegen forbi ei kyrkje til du får eit gult bygg på venstre side​. Sjå gårute her​.
  • Planlegg og bestill reisa på skyss.no eller fjord1.no.​
  • Eigen bil: Det er IKKJE parkering ved sesjonssenteret i Bergen. Det er eit parkeringshus 100 meter nede i gata (Forsvaret dekker ikkje parkeringsutgifter).​ NB! Bruk av eigen bil dekkast etter statens satsa​​r​​ kun dersom det ikkje er offentleg rutetilbod på strekninga.​

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Det er 90 % rabatt på reiser med NSB (velg billett: «V.plikt 90 %»). Ta tog dersom det er mogleg. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei veke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no.​

spesielt for maritim fagsesjon

Sjå eiga innkalling frå Opplæringskontoret for Forsvaret.​

​Praktisk informasjon
Besøksadresse​​​Nye Sandviksveien 30, 5032 Bergen
​​​Parkeringsmoglegheit​Ja (Forsvaret dekker ikkje parkeringsutgifter)
​GPS-lokalitet​60.400756,5.322144​
​ ​
Publisert 7. januar 2015 11:42.. Sist oppdatert 5. april 2018 07:57.