Sesjon i Bodø (Børsingveien)Sesjon i Bodø (Børsingveien)http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-bodo.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1058Sesjonslokalet i Bodø (inst i Børsingveien)

Sesjon i Bodø (Børsingveien)

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Slik reiser du hit

  • Med bil: Ta av frå riksvei 80 og sving inn på Børsingveien. Køyr om lag 300 meter til du kjem til eit kryss. Ta til høgre ved skiltet «Sykestue, sesjon og befalsforlegninger» og fortset på Børsingveien i om lag 1 km. Sesjonslokalet ligg inst i Børsingveien.​ Sjå reiserute her​. ​  
  • Med buss: Gå av på haldeplassen «Skeid». Gå om lag 700 meter til sesjonslokalet inst i Børsingveien.​ Sjå gårute her​. Det går buss til/frå Bodø sentrum ca. kvart 15 minutt. Du må sjølv planlegge di eiga reiserute slik at du er framme på sesjonsstedet​ i god tid.
  • Sjå 177nordland.no fo​r ruteopplysningar og reiseplanleggar.

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Det er 90 % rabatt på reiser med NSB (velg billett: «V.plikt 90 %»). Vi dekker reiseutgifter tilsvarande statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din. Bruk av eigen bil kan refunderast etter statens satsar, dersom det ikkje er offentleg rutetilbod på strekninga. Utgifter til overnatting dekkast kun dersom det er gjort avtale på telefon 915 03 003 i førevegen.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei veke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller de​t er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no​.​

​Praktisk informasjon
Besøksadresse​​Børsingveien, 8075 Bodø​
​Parkeringsmoglegheit​Ja (gratis parkering)
​GPS-lokalitet67.280609,14.456561​​
​ ​
Publisert 6. januar 2015 15:35.. Sist oppdatert 5. april 2018 08:02.