Sesjon i Kirkenes (Garnisonen i Sør-Varanger)Sesjon i Kirkenes (Garnisonen i Sør-Varanger)http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-kirkenes.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1061Sesjonslokalet ved Høybuktmoen (Garnisonen i Sør-Varanger)

Sesjon i Kirkenes (Garnisonen i Sør-Varanger)

​​​​​​​​​​​​​​​​​Slik reiser du hit​

  • Med bil: Ca. 12 kilometer vest for Kirkenes sentrum, sving av E6 mot Kirkenes lufthavn, Høybuktmoen. Etter​​ 2​​00 meter, ta av første veg til høgre mot Garnisonen i Sør-Varanger (GSV). Kjør c​a. 1,7 kilometer, første hus på høgre side er velferdsbygget «Vargheim». Sjå reiserute her​. Følg skiltet «Sesjon» til hovudinngangen. Du må sjølv planlegge di eiga reiserute​ slik at du er framme på sesjonsstedet i god tid.​​

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport​. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande Statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din. Bruk av eigen bil kan refunderast etter statens satsar, dersom det ikkje er offentleg rutetilbod på strekninga. Utgifter til overnatting dekkast kun dersom det er gjort avtale på telefon 915 03 003 i førevegen.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei veke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no​.​

​Praktisk informasjon
Besøksadresse​​Garnisonen i Sør-Varanger
Høybuktmoen, 9912 Hesseng
​Parkeringsmoglegheit​Ja (gratis parkering)
​GPS-lokalitet​69.716507,29.907253​
​ ​
Publisert 6. januar 2015 15:38.. Sist oppdatert 5. april 2018 10:28.