sesjon-i-oslo-3sesjon-i-oslo-3http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-oslo-3.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5643Sesjon i Oslo gjennomførast på Havnelageret, i gåavstand frå Oslo S og Jernbanetorget.
sesjon-i-oslo-6sesjon-i-oslo-6http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-oslo-6.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5646Inngangen til Havnelageret er midt på langsida av bygget (vendt mot Bjørvika og operahuset).
sesjon-i-oslo-5sesjon-i-oslo-5http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-i-oslo-5.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5645Når du nærmar deg Havnelageret, følg skilt «sesjon» bort til inngangen.

Sesjon i Oslo (Havnelageret)

​​​​​​​​​​​​​​​​​​Slik reiser du hit

  • Med tog: Ta toget til Oslo sentralstasjon (Oslo S). Følg så Fred Olsens gate mot Akershus festning. Det tek om lag 7 minutt å gå frå Jernbanetorget / Oslo S til Havnelageret (eit stort lyserosa murbygg). Sjå gårute her.
  • Med buss: Ta bussen til Oslo bussterminal. Følg skilt inne på bussterminalen mot Jernbanetorget. Følg så Fred Olsens gate mot Akershus festning. Det tek om lag 15 minutt å gå frå bussterminalen til Havnelageret (eit stort lyserosa murbygg). Sjå gårute her​.
  • Med bil: Køyr til Langkaia 1. Merk! Forsvaret tilbyr​ ikkje parkeringsplassar.

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Det er 90 % rabatt på reiser med NSB om reisa di starter utanfor Oslo og Akershus (velg billett: «V.plikt 90 %»). På reiser innanfor Oslo og Akershus gis det ikkje rabatt. Ta tog dersom det er mogleg. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din. Forsvaret dekker ikkje utgifter til parkering, bompengar eller lignande om du køyrer eigen bil.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei ve​ke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no.​

​Praktisk informasjon
BesøksadresseLangkaia 1, 0150 Oslo
​Parkeringsmoglegheit​Nei
​GPS-lokalitet​59.907743,10.74637​
Publisert 7. januar 2015 11:52.. Sist oppdatert 5. april 2018 08:02.