Sesjon på KjevikSesjon på Kjevikhttp://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-pa-kjevik2.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=6799Sesjon på Kjevik (ved Kristiansand)Sesjon på Kjevik (ved Kristiansand)

Sesjon på Kjevik (ved Kristiansand)

​​​​Ta med deg til sesjon

• Innkallingsbrevet og reisebeskrivelsen
• Treningsklede og joggesko
• Handkle​
• Personopplysningsblankett (ferdig utfylt​)

Slik reiser du hit

Rutebuss frå/via Kristiansand sentrumRutebuss frå/via Kristiansand sentrum
​​Frå Kristiansand rutebilstasjon, terminal 4: Ta rute nr. 35, avgang 07.15, 08.15, 09.15, 10.15 etc. På ettermiddagen/kveld avgang 18.15, 20.15, 22.15 og 00.15.​​

FlybussenFlybussen
​Flybussen har avgang frå Arendal og Kristiansand til Kjevik flere gongar per time. Alle avgangar går direkte til busshaldeplassen på Kjevik. Flybussen frå Kristiansand går frå holdeplass i Vestre strandgate rett nedanfor taxihaldeplassen ved rutebilstasjonen. Gjer eit google-søk på «Flybuss Kristiansand» for detaljar.​

Frå TelemarkFrå Telemark
​Ta Sørlandsekspressen, Lavprisekspressen, Konkurrenten ​​eller tog (hugs 90 % rabatt) til Kristiansand og ta rutebuss/flybussen frå sentrum til Kjevik.​​

Frå SetesdalFrå Setesdal
Ta Setesdal bilruter eller Setesdalekspressen til Kristiansand og t​a rutebuss/flybussen frå sentrum ​til Kjevik.​

Frå RogalandFrå Rogaland
​Ta tog (hugs 90 % rabatt) til Kristiansand og ta rutebuss/flybussen frå sentrum til Kjevik. Kjem du med tog frå Rogaland, som kjem til Kristiansand kl. 09.50, er det satt opp eigen transport dersom det står i innkallinga/reisevedlegget.

Busshaldeplassen «Luftforsvarets skolesenter» på KjevikBusshaldeplassen «Luftforsvarets skolesenter» på Kjevik
​Bussen stoppar rett nedanfor flyet ved hovudinngangen til Kjevik leir. Frå busshaldeplassen tek det om lag 3 minuttar å gå opp bakken, via vaktpost og til venstre til eit grått bygg.​

​REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Det er 90 % rabatt på reiser med NSB (velg billett «V.plikt 90 %»). Ta tog dersom det er mogleg. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDA​GEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei veke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no​.

Praktisk informasjon
Besøksadresse Luftforsvarets skolesenter Kjevik, Bygning 029, 4657 Kjevik
Parkeringsmoglegheit Ja (innanfor vaktpost, gratis parkering)
GPS-lokalitet 58.206984,​​8.082156

KJEM DU FRÅ ROGALAND, TELEMARK OG ØVRE SETESDAL?

NB! Berre for deg med frammøte kl. 08.00:
Bur du, eller oppheld​ du deg i Telemark eller Øvre Setesdal og deler av Rogaland – med frammøte kl. 08.00 – kan du få overnatte på Kjevik. Ta kontakt på telefon 915 03 003 i førevegen. Vi planlegg med at du overnattar på Luftforsvarets skolesenter, Kjevik.

Det er avsatt tid tilsvarande ein normal arbeidsdag for at du skal kome gjennom dei oppsatte testane, undersøkingane og samtalane på sesjonsdagen. I kombinasjon med eit begrensa tilbod på rutegåande transport til/frå Kristiansand for de​​sse​ kommunane planlegg vi av den grunn med at du må overnatte ved ​Luftforsvarets skolesenter på Kjevik.​

Ein av sesjonssent​​erets lærlingar eller tilsette​​ mø​​ter ​​​deg i vakta. Her får du nøkkel til rommet (enkeltrom med toalett/dusj) og informasjon om praktiske forhold​​ o​g rutina​​r for resten a​​v kvelden og morgen​​dagen.

Du må sjølv sørge for mat på kvelden. Forsvaret dekker frukost og lunsj på sesjonsdagen. Sesjon er ferdig slik at du er heime i løpet av ettermiddagen/kvelden same dag. Ved ei total reisetid på over 12 timar får du kostgodtgjering etter statens reiseregulativ.​
Publisert 23. juni 2016 14:20.. Sist oppdatert 5. april 2018 08:02.