Sesjon på Værnes (ved Trondheim)Sesjon på Værnes (ved Trondheim)http://forsvaret.no/media/PubImages/sesjon-pa-varnes.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1057Sesjonssenteret ligger på Værnes garnison (ved Stjørdal, nord for Trondheim)

Sesjon på Værnes

​​​​​​​​​Slik reiser du hit

  • Med tog: Merk! Den næraste togstasjonen er Stjørdal stasjon (ikkje Værnes stasjon). Frå togstasjonen, gå mot Esso og fortset om lag 50 meter. Ta så Kjøpmannsgata til venstre. Følg Kjøpmannsgata gjennom tunnelen under E14. Fortset om lag 200 meter etter tunnelen så ser du porten til Værnes garnison på høgre side. Gå til porten og følg vidare instruksjonar som du finn der for å kome inn i leiren. Det tar ca. 20–25 minutt å gå frå togstasjonen til sesjonssenteret. Sjå gårute her.​​
  • Med buss: Buss nr. 310 går hyppig mellom Trondheim og Stjørdal. Går du av på togstasjonen, følg vegforklaring for tog. Går du av ved torget, følg Kjøpmannsgata gjennom tunnelen under E14. Fortset om lag 200 meter etter tunnelen så ser du porten til Værnes garnison på høgre side. Gå til porten og følg vidare instruksjonar.
  • Med bil: Ta av frå E6 og følg E14 mot Meråker under jernbanebrua. Følg vegen ca. 1 km rett fram gjennom to rundkøyringar. Når du kjem til den 3. rundkøyringa, ved Tore Ligaard, ta til høgre mot Coop Extra. Følg vegen ca. 400 m og ta av mot høgre. Du har no leirgjerde på din venstre side. Følg denne vegen ca. 300 m og du vil sjå hovudporten på venstre side. Parker på utsida av leirgjerde og gå til porten. Der finn du meir informasjon om korleis du kjem deg inn i leiren. Sjå reiserute her​.

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Det er 90 % rabatt på reiser med NSB (velg billett: «V.plikt 90 %»). Ta tog dersom det er mogleg. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande Statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga. Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din.​ 

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei ​​ve​ke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no.

​Praktisk informasjon
Besøksadresse​Værnes Garnison
7500 Stjørdal​​​
​Parkeringsmoglegheit​Ja (gratis parkering)
​GPS-lokalitet​63.466129,10.935956​


Publisert 6. januar 2015 15:34.. Sist oppdatert 18. juni 2018 15:00.