Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk09.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3085
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk05.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3081
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk08.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3084
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk10.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3086
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk11.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3087
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk07.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3083
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk06.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3082
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk04.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3080
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk03.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3079
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk02.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3078
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk01.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3077
Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)Forsvarets Mediesenter / The Norwegian Armed Forced Media Centre (NAFMC)http://forsvaret.no/media/PubImages/060715kampesk12.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3088

Hærens tøffe soldatar

Kampeskadronen på Rena imponerer med svært gode resultat. Vi besøkte dei ein dag i felt.

​​​​​​​​​​Sveitte soldatar kastar i seg mat, medan sommarsola får kamuflasjekremen til å renne nedover dei sveitte andleta deira. Klokka nærmar seg 11, og Kampeskadronen på Rena er nettopp komen attende til teig frå dagens første gjennomføring. Fire stormpanservogner fylt til randen med soldatar har vore ute og simulert krig. No må dei etterfylle med ammunisjon, mat og vatn.

– God gjennomføring, men dykk må vere betre på å spille lagførar god. Drivet framover er bra, men det kan bli mykje betre! ​

​​Heldig om du sovnar

Lagføraren summerer opp gjennomføringa og førebur laget på den neste. Soldatane et tørre brødskiver med Nugatti i eitt jafs, og svelgjer ublanda energidrikkpulver. Dagen starta før 06, men er likevel berre så vidt i gong. Tre gjennomføringar står på timeplanen før troppen kan starte med våpenpuss, vedlikehald og førebuingar til morgondagen.

– Er du heldig, sovnar du i stormpanservogna på veg attende frå gjennomføringa. Då har eg gjort mitt og kan konsentrere meg om neste oppdrag. Å få nokre minutt på auget kan være gull verdt, seier Felix David Love Johansen

21-åringen er nestlagførar og har i oppgåve å storme ut av stormpanservogna med resten av laget for å nedkjempe fienden.

​​Skårar i toppsjiktet

Som dei fleste andre i troppen har Johansen bakgrunn frå fallskjermjegeropptaket. Det trur major Trond Mostue er avgjerande for at troppen lukkast så bra. Mostue er hovudinstruktør for nærkamp i Hæren, og har kursa Kampeskadronen ved fleire høve.

– Dei fleste av dei var ikkje langt frå å bli fallskjermjegerar og er derfor strengt selekterte på evnenivå og fysikk. Dei skårar i toppsjiktet og kan samanliknast med spesialstyrkar frå ande land, meiner Mostue.

Forsvaret har laga den nye testen «Godkjent hærsoldat». Evnene til soldatane innan skyting, sanitet, fysikk og andre soldatferdigheiter blir testa. Kampeskadronen skårar i toppen i konkurranse med krigsskulene og befalsskulene. 95 prosent av årets tropp klarte testen på første forsøk, blant krigsskulene og befalsskulene var det troppar som berre hadde 25 prosent.

– Dei er offensive, resolutte og handlekraftige soldatar. Tenesta dei har vald, er svært krevjande, fortset Mostue.

​​​Sterkt samhald

Tilbake i teigen nærmar det seg dagens andre gjennomføring. Vogner med namn som «Blodøks» og «Berserk» står klare. Nokre sjekkar våpen og ammunisjon, andre prøver å varme pølser på ein primus som ikkje vil fungere.

– Eg hatar å seie dette, men eg er blitt glad i å vere ute. Med så mange feltdøgn føler eg at eg kjenner naturen, vêret og meg sjølv på ein heilt ny måte. Samhaldet i troppen er magisk, seier Johansen.​

Det kan løytnant Sjur Grindstuen skrive under på. Løytnanten har ansvar for militære operasjonar i byar og tettstader, og blei fascinert av samhaldet til Kampeskadronen.

– Dei er profesjonelle, positive og har eit unikt band seg i mellom. Kvardagen deira er hard, men bandet sørgjer for at dei blir ein utruleg tett og spleisa gjeng, seier Grindstuen.

Ei av vognene måtte reparerast mellom gjennomføringane. Skyttar Stig-Martin Ulvang måtte hjelpe til, og får difor ein ekstra kort pause før han skal vere klar igjen.

– Soldatane i troppen vil gjere det bra og er seriøse. Då blir resultata våre gode, og vi får nye utfordringar, seier Ulvang før han må ta på seg hovudtelefonane på skyttars plass og ta i mot nye ordrar.

Som på​​ film

Klokka nærmar seg 13, og soldatane er klare for nye utfordringar. Både Johansen og Ulvang kan fortelje at tenesta har vore slitsam, men at dei ikkje ville ha bytta ho mot noko anna.

– Du veit det du ser på film? Det gjer vi. Troppen øver på krigføring kvar einaste dag. Eg har ikkje sett mykje til velferda, for å seie det sånn, seier Johansen.

Ulvang kjenner seg att i omtalen til Johansen.

– Livet mitt er som videospelet «Battlefield». Vi kjemper ofte mot profesjonelle soldatar, og det er ei unik erfaring å få i førstegongstenesta.

Nettopp øvinga mot profesjonelle gir Kampeskadronen gode moglegheiter til å få fortsetje i Forsvaret. Fleire søkjer seg vidare til andre operative avdelingar og fortset som soldatar.

– Gjennom tenesta får dei gode føresetnader for suksess vidare i Forsvaret, som til dømes i Telemark bataljon, fortel løytnant Grindstuen.

Ulvang har sett seg bak maskinkanonen og er klar til å skyte ned rørlege mål som poppar opp i terrenget. Johansen har sette seg inn i stormpanservogna med laget sitt, og førebur seg mentalt på å storme ut når det smeller. Kampeskadronen drar ut på nok ei gjennomføring.

Publisert 6. juli 2015 15:19. av Emil Gukild og Tom-Daniel Laugerud (foto), Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:42.