Historikk NMTHistorikk NMThttp://forsvaret.no/media/PubImages/NMT 2015 Historikk toppbilde.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=2376

Kva er tattoo?

Frå tappenstrek til Oslo Spektrum

​​​​​​Doe den tap toe​

Ordet tattoo kjem av det nederlandske uttrykket doe den tap toe som tyder «sett tappen i øltønna».​

​​Historia går attende til garnisonsbyane rundt omkring i Europa på 1600-talet. Her var det alltid ein tambur som gjekk rundt og spelte tappenstreksignal når soldatane skulle tilbake til kasernen, og vertshusa og ølkranene skulle stengje.

Nokre gonger var det òg eit lite militært orkester som spelte soldatane tilbake til kasernen. Herfrå kjem det engelske uttrykket tattoo, som no blir brukt om militære musikkshow med marsj og drill.

Publisert 8. juni 2015 16:11. av Rohan Sandemo. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:48.