tjeneste_1710_20200911hv09tjeneste_1710_20200911hv09http://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=22187/media/PubImages/ORG_heraldikk_HVNETT_HV-09.jpg

Nytilføring i HV-09

Ein eller to dagar nytilføring ved Bergenhus heimevernsdistrikt 09. Frammøte mellom 7. og 11. september kl. 09.00. Dimisjon innan kl. 17.00 dagen etter.

Sjå innkallinga di for kva dag du skal møte.

Stadfest innkallinga her innan 21. mai:

Logg inn

Frammøtested: Ulven leir, Bjørnafjorden kommune (Os)

Søknadsfrist for utsetjing: 11. juni. Søknad om utsetjing skal vere sendt innan fristen. Du kan ikkje rekne med å få søknaden handsama dersom den er sendt etter fristen.

Ta med

  • Innkallingsbrevet (til bl.a. rabatt på eventuell kollektivtrafikk)
  • Legitimasjon med bilete
  • Klær etter vær
  • Toalettsaker
  • For deg som ikkje får løn frå arbeidsgjevar ved militærteneste: PDFBekreftelse fra arbeidsgiver (pdf)

Dag ein av nytilføringa får du utlevert naudsynte kle og utstyr frå Forsvaret. Når nytilføringa er over skal du ta med kle og utstyr heim og lagre det i eigen bustad. Du vil òg få informasjon om HV og kva stilling eller avdeling du er planlagd til. Dag to av nytilføringa er ei oppfrisking av grunnleggjande militære ferdigheiter. Sjå forsvaret.no/hv/bibliotek/huskelister og serleg heftet GRUS for meir om dette.

HV-09 søkjer personell til sin innsatsstyrke Bjørn West. Meir informasjon om det finn du på forsvaret.no/hv/org/isty/bjornwest.

SPØRSMÅL?

Praktiske spørsmål til innhaldet i nytilføringa kan du rette direkte til HV-09 på telefon 55 54 63 00.

Spørsmål om innkallinga, utsetjing og andre generelle spørsmål kan du rette til Forsvarets kontaktsenter på 915 03 003.

Publisert 7. mai 2020 10:51.. Sist oppdatert 7. mai 2020 11:03.