presse_959_knmthorheyerdahltilnpresse_959_knmthorheyerdahltilnhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20095/media/PubImages/20190730BS_2664.jpg
presse_959_knmthorheyerdahltilnpresse_959_knmthorheyerdahltilnhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20096/media/PubImages/20190730BS_2375.jpg
presse_959_knmthorheyerdahltilnpresse_959_knmthorheyerdahltilnhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20097/media/PubImages/20190730BS_2405.jpg

KNM Thor Heyerdahl til NATOs ståande maritime styrkar

Dei neste fire månadane skal mannskapet om bord på fregatten KNM Thor Heyerdahl stå på beredskap for NATO, i ei av NATOs ståande maritime reaksjonstyrkar, SNMG1.
​− Bidraget til NATOs ståande styrkar er ei viktig prioritet for Noreg, og ein vesentleg del av byrdefordelinga i forsvarsalliansen. Ei slik deployering  er ein unik arena for å trene for eit høgintensitets-scenario og gjennomføre operasjonar med våre næraste allierte, seier skipssjef på KNM Thor Heyerdahl, kommandørkaptein Arild Skoge.

Skipssjef Arild Skoge er klar for oppdraget de nå tar fatt på. Foto: Daniel Netland / Forsvaret



Skoge og hans besetning er no klare for å ta fatt på oppdraget. Eit oppdrag som er prega av alvor og pliktar.

− Det er klart at vi jobbar i Forsvaret og er kjende med alvoret som ligg i det. I ei usikker sikkerheitspolitisk tid så stadfestar Noreg si vilje til å stille opp saman med andre. Som ein del av NATOs hurtige reaksjonsstyrker er vi dei første som vert sett inn dersom  fridomen til alliansen vert truga eller utfordra, seier skipssjefen.

Hovudoppdraget deira vil vera å sørgje for opne hav og trygge forsyningslinjer for sjøfarande i det nordlige Atlanterhav.

− Det er eit poeng at vi er avhengig av trygge forsyningslinjer over Atlanterhavet for at Europa skal  få forsterkingar frå Nord-Amerika dersom det skulle være nødvendig. Derfor er det også eit poeng at vi patruljerer desse områda. NATOs ståande maritime styrkar vil derfor bidra til den maritime situasjonsforståinga. Med varslingstider på timer og dagar, må forståinga for eit viktig operasjonsområde ligge til grunne i fredstid, forklarer Skoge.

Historisk deployering
– Fartøyet er oppkalla etter Thor Heyerdahl som for 50 år sidan kryssa Atlanterhavet med RA I og RA II. Thor Heyerdahl var tydleg på betydinga av havet og menneske si avhengigheit av dette gjennom historia. Dette vil nok ikkje endre seg i framtida. Havet er også eit satsingsområde for Noreg, for å sikre at vi fortsatt tek vare på våre verdiar. Disse verdiane skal vi vere med å ivareta og føre vidare til neste generasjoner, seier Skoge.

 

 

presse_959_knmthorheyerdahltilnpresse_959_knmthorheyerdahltilnhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20092/media/PubImages/20171116JØ_8636.jpg
presse_959_knmthorheyerdahltilnpresse_959_knmthorheyerdahltilnhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20093/media/PubImages/181026-N-GC347-1141_(credit US Navy).jpg

Det siste året har vore hektisk for besetninga på KNM Thor Heyerdahl. I løpet av den siste tida har dei vore gjennom det periodiske mønstringsløpet for å sikre at fartøyet og besetninga heldt dei måla som krevjast i forkant av ei slik deployering.

− Oppløpet til ei slik deployering er prega av mykje trening og øving. No gler vi oss til fortsettinga av å vidareutvikle det høge nivået saman med våre allierte i øvingar og operasjoner i månadene som kjem, avsluttar Skoge.

Kommandofartøy
KNM Thor Heyerdahl vil den første veka av deployeringa ha rolla som kommandofartøy for styrken. Noreg hadde sist kommando over NATOs ståande maritime fregattstyrke i 2017 med fartøya KNM Roald Amundsen og KNM Otto Sverdrup.

Sjøforsvaret har jamleg bidrag i NATOs ståande maritime styrkar. Sist med mineryddaren KNM Hinnøy som i slutten av juni returnerte etter ei fire månadar lang deployering i NATOs ståande minerydderstyrke. I 2020 overtek Noreg kommandoen for ei av dei ståande fregattstyrane og ei av dei ståande minerydderstyrkane.
Publisert 30. juli 2019 20:56. av Marius Vågenes Villanger / Sjøforsvaret. Sist oppdatert 31. juli 2019 13:06.