presse_958_presseinvitasjonnorspresse_958_presseinvitasjonnorshttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20091/media/PubImages/20171116JØ_8770.jpg

Presseinvitasjon: Norsk fregatt til NATOs ståande maritime reaksjonsstyrkar

Fregatten KNM Thor Heyerdahl forlèt tysdag neste veke Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern for å vere på skarp beredskap for NATO. Dei neste månadene skal dei patruljere eigne og allierte farvatn, sørgje for frie hav og trygge forsyningslinjer i det nordlege Atlanterhav. 
​− Bidraget til NATOs ståande styrkar er ei viktig prioritet for Noreg og ein vesentleg del av byrdefordelinga i forsvarsalliansen. Ei slik deployering  er ein unik arena for å trene samspel og interoperabilitet med våre næraste allierte, seier skipssjef på KNM Thor Heyerdahl, kommandørkaptein Arild Skoge.

Skoge og hans besetning er no klare for å ta fatt på oppdraget, som strekk seg over fire månader.

− Det er eit poeng at vi er avhengig av trygge forsyningslinjer over Atlanterhavet for at Europa skal få forsterkingar frå Nord-Amerika, dersom det skulle være nødvendig. Forsvaret av Noreg byggjer på alliert støtte, og mesteparten av materiellet må dermed ta i bruk Atlanterhavet som transportåre både frå Amerika og Europa. Derfor er det eit poeng at Norge bidrar til patrulje i desse områda. NATOs ståande maritime styrkar vil derfor bidra til den maritime situasjonsforståinga i eit stort havområde som er strategisk viktig for Norge og NATO, forklarer Skoge.

Sjøforsvaret har jamleg bidrag i NATOs ståande maritime styrkar. Sist med mineryddaren KNM Hinnøy, som i slutten av juni returnerte etter ei fire månader lang deployering i ei av NATOs ståande mineryddarstyrke. I 2020 overtek Noreg kommandoen for to av dei ståande styrkane, både den ståande fregattstyrken (SNMG1) og den ståande minerydderstyrken (SNMCMG1).

Priv. til red.

  • Media er velkomne til å dekka avreisa og dei første timane av deployeringa.  Media vert invitert om bord i fregatten, og vil få moglegheit til å følgje avreisa frå Haakonsvern, og dei første timane av deployeringa. Om bord vil det leggjast til rette for intervju. Seglasen vil finne stad førstkommande tysdag (30.07.) om ettermiddagen, og vil vare i 2-3 timar. Nærare detaljar kjem for interesserte. Avgrensa plassar. Påmelding innan måndag (29.07) klokka 10.00. Ta kontakt med presse og informasjonskonstabel i Sjøforsvaret, Marius Vågenes Villanger, på mail: mvillanger@u.mil.no eller mobil 46 41 76 67.
  • Pressekontakt for spørsmål rundt deployeringa eller oppdraget rettast til Forsvarets Operative Hovudkvarter (FOH). Pressevakt: 40 43 80 83 eller e-post: info@njhq.no 
Publisert 25. juli 2019 10:52. av Marius Vågenes Villanger / Sjøforsvaret. Sist oppdatert 25. juli 2019 10:55.