presse_1052_tilbakeetterfemmaanapresse_1052_tilbakeetterfemmaanahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=22402/media/PubImages/B46A2157.jpg

Tilbake etter fem månadar i NATO-teneste

Bergen: Måndag 22. juni kjem det tyske marinefartøyet FGS Donau og den norske minesveiparen KNM Otra til Haakonsvern, etter enda oppdrag i NATOs ståande mineryddarstyrke for Nord-Europa (SNMCMG 1).

Saman med fleire allierte einingar har dei utgjort ein viktig del av NATOs skarpe beredskap gjennom korona-pandemien. Sidan januar har det tyske marinefartøyet FGS Donau, vore kommandofartøy i NATOs ståande mineryddarstyrke. Om bord har dei hatt den norske styrkesjefen, Henning Knudsen-Hauge, og hans internasjonale stab med fleire nordmenn.  

- Det har vore litt av ei reise. Korona-viruset gjorde sitt for at dette blei eit annleis oppdrag enn det vi kunne sjå føre oss i forkant. Som militært personell er vi trent på å tilpasse oss, og har løyst oppdraget på ein god måte. Samstundes har vi oppretthalde alle forpliktingar overfor NATO sine allierte, forklarer styrkesjefen.
 
Noreg bidreg årleg med fartøy til den ståande styrken. Sist Noreg stilte med styrkesjef og stab var i 2014.

Den maritime styrken sitt oppdrag er å stilla umiddelbar og kontinuerleg mineryddingskapasitet til NATO. I prakisis betyr dette at dei til ei kvar tid skal vera klare til å nøytralisera miner eller andre truslar, for å oppretthalda trygge, maritime kommunikasjonslinjer for sivil handelsfart.
 
Styrken har sidan starten på nyåret patruljert alliert farvatn i Nord-Europa og gjennomført skarpe mineryddingsoperasjonar utanfor nordkysten av Frankrike, i Oslo-fjorden, den Engelske kanal og i Irbe-stredet ved innseglinga til Riga.
Dei siste tre månadane har styrken operert i isolasjon frå omverda for å unngå Covid-19-viruset.

 
Priv. for red.:
Mediekontakt: Ragnhild Voreland, tlf: 93263325
 
Pressa er hjarteleg velkomen til å vera til stades på kaien når fartøya kjem til Haakonsvern. Send namn, fødselsdato og telefonnummer til Ragnhild Voreland innan klokka 18:00, søndag 21. Juni.
 
 

Fakta:

 
  • Standing NATO Mine Countermeasure Group 1 (SNMCMG1) er ein av NATO sine fire ståande maritime styrkar.
  • ·Noreg leier for tida også Standing NATO Maritime Group 1 (SNMG1), som er den ståande fregatt-styrken i Nord-Europa.
  • KNM Otra har vore med i NATO sin ståande mineryddarstyrke for Nord-Europa sidan februar.
  • KNM Otra er ein minesveipar av ALTA-klassen.

Publisert 21. juni 2020 12:00.. Sist oppdatert 21. juni 2020 19:25.