presse_1055_tilbakeetterseksmaanpresse_1055_tilbakeetterseksmaanhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=22610/media/PubImages/20200120JØ_9006.jpg

Tilbake etter seks månadar i NATO-teneste

Bergen: Onsdag 15. juli kjem fregatten KNM Otto Sverdrup til Haakonsvern etter enda oppdrag i NATOs ståande maritime styrke (SNMG1). Saman med fleire allierte einingar har dei utgjort ein viktig del av alliansen sin skarpe beredskap gjennom korona-pandemien.

I seks månadar har fregatten KNM Otto Sverdrup vore deployert i NATO-oppdrag. Den norske styrkesjefen, flaggkommandør Yngve Skoglund er nøgd etter enda oppdrag.

– Me har gjennomført alle oppdrag og øvingar, trass korona-situasjonen som pregar verda, seier styrkesjefen. Me har knytt tette og gode band til allierte og partnarnasjonar. Besetningane og NATO-staben har gjennom heile perioden vore heilt upåvirka av Korona-pandemien, seier Skoglund.

 

 

presse_1055_tilbakeetterseksmaanpresse_1055_tilbakeetterseksmaanhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=22609/media/PubImages/20200122JØ_7368.jpg


Det har vore lange periodar der besetninga ikkje har fått gått i land og vore isolerte, for å unngå korona.

– Eg er stolt av besetningane på Otto Sverdrup og NATO-staben. Gjennom lange periodar har dei ikkje hatt landlov. Då har me gjennomført utvida seglas med få moglegheiter til å fokusera på anna enn nettopp oppdraget for NATO, seier styrkesjefen.

Operasjonsområdet til styrken er i hovudsak Nordatlanteren, inkludert Østersjøen. Oppdraget er å yta umiddelbar maritim kampkraft for NATO.

NATO handlar om avskrekking og kollektivt forsvar. Dei maritime styrkane si oppgåve er å framma sikkerheit og stabilitet i havområda våre. NATO handlar også om å forsvara dei felles verdiane våre, som demokrati, suverenitet og kollektiv sikkerheit.

Om nokre veker overlet Skoglund kommandoen for NATO-styrken til Portugal og flaggskipet Corte Real. Dei ser no fram til ferie og til neste komande utfordring.

Privat til redaksjonane: 

Mediekontakt: Ragnhild Voreland, telefon: 932 63 325

Pressa er hjarteleg velkomen til å vera med om bord på fartøyet under siste del av innseglinga til Haakonsvern.

Oppmøte: Fleslandskjær kl. 12:30, onsdag 15. juli.

Send namn, fødselsdato og telefonnummer til Ragnhild Voreland innan klokka 10:00, måndag 13. juli.

På kaia vil det vera ei mottaking av fartøyet. Det vil også vera familie til stades.

 

 

Fakta Fakta <ul><li>​NATO sin ståande maritime styrke, eller «Standing NATO Maritime Group One» (SNMG1), er ein av fire maritime styrkar som består av fartøy frå ulike allierte land.</li><li>Fartøya er til ei kvar tid tilgjengelege for NATO og kan utføra ulike oppgåver og oppdrag, alt frå deltaking i større øvingar, til operative oppdrag.</li></ul><p><br></p>http://forsvaret.no/presse_/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=2


Publisert 9. juli 2020 12:43.. Sist oppdatert 4. august 2020 12:12.