Tilgang til offentleg journal

Forsvaret ønskjer openheit og gjer offentleg journal og saksdokument tilgjengeleg for publikum.

Forsvarsstaben vil publisere sin postjournal på oep.no. Der vil ein finna ein liste over korrespondanse til og frå Forsvarsstaben.

Journalane til
andre avdelingar er óg tilgjengelege for publikum. Ved å ta kontakt med Forsvaret, kan du be om postjournalar frå andre avdelingar frå Forsvarets arkivteneste.

Offentleg journal blir generert frå Forsvaret sitt sentrale saks- og arkivsystem. Informasjonen er avhengig av kva for eit vern eller graderingsnivå som gjeld for dokumentet.


Tilgang til dokument

Det er mogleg å be om innsyn i saksdokument Forsvaret har. For å finne att dokumenta, må du identifisere kva for dokument du ønskjer innsyn i. Opplys gjerne kva for ei avdeling du rettar innsynet til.

Tilgjenge til dokumenta blir i hovudsak styrt av prinsippa i offentleglova. Ein del dokument er gradert etter mellom anna sikkerhetslovas avgjerder, og dette kan ved enkelte høve avgrense moglegheita for tilgjenge.

Send e-post til forsvaret@mil.no

Postadresse: Forsvarets arkivadministrasjon

Postboks 800, Postmottak
, 2617 Lillehammer

Publisert 1. desember 2014 13:48.. Sist oppdatert 11. juli 2017 15:14.