karriere_287_sesjonioslokarriere_287_sesjonioslohttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=18352Når du nærmar deg sesjonssenteret, følg skilt «SESJON» bort til inngangen./media/PubImages/sesjon-i-oslo-5.jpg

Sesjon i Oslo (Sjølystparken)

​​​​​​​​​​​​​​​​​​Slik reiser du hit

  • Med tog: Ta toget til Skøyen stasjon. Følg skilt mot Sjølyst inne i stasjonsbygninga. Når du kjem ut av stasjonen, følg Ring 2 til du ser skilt mot Sjølystparken. Sesjonssenteret ligg heilt inst i Sjølystparken, følg skilt merka med «Sesjon».
  • Med buss: Ta bussen til Skøyen eller Sjølyst. Følg skilt mot Sjølystparken. Sesjonssenteret ligg heilt inst i Sjølystparken, følg skilt merka med «Sesjon».
  • Med bil: Køyr til Drammensveien 177, 0277 Oslo. Du kan parkere utanfor sesjonssenteret, men du må betale parkering sjølv. Forsvaret dekker ikkje parkering eller bompengar.

REIS MED RABATT OG TA VARE PÅ KVITTERINGAR

Bruk innkallinga for å få rabatt på offentleg transport. Bestill «Vernepliktig» om du reiser med Vy for 90 % rabatt. Bruk innkallinga som moderasjonsbevis. Ta tog dersom det er mogleg. Vi dekker reiseutgifter tilsvarande statens billigaste reisemåte frå bustadsadressa som er registrert på innkallinga.

Ta vare på kvitteringane. Ta med bankkort eller kontonummer, slik at vi kan overføre pengar for reisa direkte til kontoen din. Forsvaret dekker ikkje utgifter til parkering, bompengar eller lignande om du køyrer eigen bil.

FORHINDRA FRÅ Å MØTE PÅ SESJONSDAGEN?

Dersom du er forhindra frå å møte til sesjon må du ta kontakt med Forsvaret seinast ei ve​ke før du skal møte. Det gjeld også om du oppheld deg på ein annan stad enn innkallingsadressa, eller det er helsemessige årsaker til at du openbert ikkje kan gjennomføre sesjon eller førstegongsteneste. Ta kontakt på telefon 915 03 003 eller e-post fpvs.kontakt@mil.no.​

​Praktisk informasjon
Besøksadresse Drammensveien 177, 0277 Oslo
​Parkeringsmoglegheit
​Ja, men du får ikkje refundert utgifter til parkering
Publisert 7. januar 2015 11:52.. Sist oppdatert 6. mai 2019 09:50.