HjemkomstHjemkomsthttp://forsvaret.no/media/PubImages/tkR0278-familie.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4001

Familiestøtte ved utanlandsteneste

Ved utanlandsteneste er det i hovudsak to partar som følgjer opp familiane frå Forsvaret: familiekoordinatoren og Administrativ foresatt avdeling.

​​​​​​​​​​​​Familiekoordinatoren kan hjelpe til med enkle praktiske ting og kan vere ein å prate med. Koordinatoren kan òg formidle kontakt med nettverk der du kan møte andre i same situasjon som deg sjølv.

Les også: V​anlege spørsmål og svar før, under og etter teneste i internasjonale operasjonar.​​

Kontakt med dei ute

Administrativ foresatt avdeling (AFA) er eit viktig kontaktpunkt under deltaking i ein internasjonal operasjon. Avdelinga har ein 24 timars kontakttelefon som alltid er tilgjengeleg for dei heime. Via denne telefonen kan vi formidle viktige meldingar til dei ute. Telefonnummer står nedst på denne sida.

Forsvaret vil at det skal vere mogleg for dei ute å halde god kontakt med dei heime. Vi prøver derfor å skaffe tilgjengelege telefon­- og internettlinjer til dei som tenestegjer utanlands. I nokre operasjonar vil ein av tryggingsmessige årsaker ikkje kunne nytte mobiltelefon. ​

Ved alvorlege hendingar heime må pårørande alltid melde frå til si respektive administrative foresatte avdeling (AFA). Dei heime må aldri gi slike meldingar direkte til den tenestegjerande over telefon, e-post, sosiale medium eller tekstmeldingar. Bodskapar om alvorlege hendingar heime kan vere utruleg belastande når ein er langt heimanfrå. Det er derfor viktig for Forsvaret at dei tenestegjerande har eit apparat rundt seg som tek hand om dei i slike situasjonar, og som raskt kjem i gong med å førebu praktiske ting som til dømes heimreise.

Ein del av ansvaret inneber òg krisehandtering ved alvorlege hendingar og ulykker i det aktuelle tenesteområdet. Avdelingane har dei nødvendige ressursane og planverka for å ta hand om dette på ein best mogleg måte.

Du kan få familietillegg

Forsvaret gir eit ekstra tillegg på 6000 kroner per månad til dei som deltek i ein operasjon i utlandet, og som har omsorg for barn under 18 år. Familietillegget skal dekkje meirkostnader knytt til det å ha barn i husstanden når partnaren er ute i internasjonale operasjonar.

Tillegget er det same uavhengig av kor mange barn det er i husstanden. Tillegget kan òg gjelde for stebarn ved felles adresse i minst ni månader før tenesta startar. Ved delt omsorgsansvar (50 prosent) er familietillegget 3000 kroner.

Kva om barna blir sjuke?

Når mor eller far er ute i ein internasjonal operasjon, får den av samlivspartane som er igjen heime, status som åleineforsørgjar om ho eller han er tilsett i staten. Mellom anna blir talet på heimedagar med sjukt barn dobla frå 10 til 20 dagar (30 dagar ved omsorg for tre eller fleire barn). Ordninga gjeld berre for tilsette i staten. Andre arbeidsplassar kan ha andre ordningar. Du kan òg lese meir om denne ordninga i Statens personalhandbok.

Barnepassreiser

Dette er ei ordning der Forsvaret kan dekkje reiseutgifter i situasjonar der det kan vere vanskeleg for familien heime å passe barna. Årsaken kan vere at den som har ansvaret for barna, blir sjuk, eller skal reise bort i samband med jobb. Enten kan barna få gratis reise til familie eller vener andre stader i landet, eller ein person kan reise gratis for å passe barna heime.

Pårørandekontakt

Som ein del av ei eventuell krisehandtering vil Forsvaret tilby ein pårørandekontakt i tilfelle med alvorleg skade eller dødsfall. Pårørandekontakten skal vere eit bindeledd mellom pårørande og Forsvaret for å sikre at pårørande nødvendig informasjon. I tillegg til å gi rask støtte etter hendinga, vil pårørandekontakten følgje opp dei næraste pårørande eller etterlatne over tid og etter behov. Oppfølginga kan vere praktisk hjelp, samtalepartnar eller formidling av behov for fagleg støtte som lege, jurist, psykolog og prest.

Forsvarets kontaktpunkt før og under tenestaForsvarets kontaktpunkt før og under tenestaDei ulike greinene har kvar sin døgnopne kontakttelefon gjennom Administrativ foresatt avdeling (AFA). Dette er kontaktpunktet i Forsvaret før og under teneste i internasjonale ope​​​​​rasjonar.

Hæren: 800 89 520

Sjøforsvaret: 800 87 850

Luftforsvaret: 800 87 400

Nokre mindre avdelingar har eigne kontakttelefonar. Dette vil i så fall avdelinga opplyse om f​ør ​utreise.
http://forsvaret.no/faktabokser/afa

Publisert 20. februar 2014 14:16.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:52.