Forsikring

Personell som gjer teneste i internasjonale operasjonar er omfatta av ein eigen erstatningsordning.

​Alt personell som skal gjere teneste i internasjonale operasjonar får utfyllande informasjon om erstatnings- og forsikringsordningar som gjeld i tenesteperioden, før dei reiser ut.

Erstatningsordning

Personell som gjer teneste i internasjonale operasjonar er omfatta av ein eigen erstatningsordning. Staten erstattar tap påført personell på grunn av skade eller sjukdom oppstått som følgje av teneste i ein internasjonal operasjon. Både fysiske og psykiske skadar er omfatta.

Forsikringa gjeld 24 timar i døgnet i operasjonsområdet. Forsikringa gjeld òg for skadar som oppstår utanfor operasjonsområdet så lenge skaden har ein klar samanheng med tenesta. Forsikringa gjeld likevel ikkje når ein er heime i Noreg på leave eller permisjon.

Familien din er òg sikra erstatning dersom du skulle døy av skaden eller sjukdomen. Dei som er dekt er ektefelle/partnar/samboar og born under 20 år. For personell i utanlandsteneste må sambuarskapet ha vart i minimum ni månader, og kunne dokumenterast med felles adresse i Folkeregistret. Dette gjeld ikkje for sambuarskap med felles born.

Les meir om denne ordninga, og korleis du kan søkja på sidene til Statens pensjonskasse.

Yrkesskadeforsikring

Heime i Noreg er du òg forsikra. Lov om yrkesskadeforsikring sikrar deg erstatning dersom du får ein yrkesskade eller yrkessjukdom i løpet av tida du er tilsett i Forsvaret. Det er viktig å vere klar over at denne yrkesskadeforsikringen ikkje dekker alt som kan skje medan du er på jobb. Skaden må skuldast ei ulykke eller ein yrkessjukdom, og skaden må ha oppstått i arbeid, på arbeidsstedet og i arbeidstida.

Kva om det oppstår ein skade?

Publisert 22. januar 2014 08:32.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:52.