FeltpostFeltposthttp://forsvaret.no/media/PubImages/tkL7C4707.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=533

Post til dei ute

Mange av dei som er ute i internasjonal teneste, synest det er hyggeleg å få brev eller pakker heimefrå.
​​​​ 

Reglar

Ikkje skriv graden, funksjonen, tenestestaden eller avdelinga til soldaten på konvolutten. Du må føre på avsendar på all post. 

Det er ikkje lov å sende alkohol eller tobakk i sendingar. Elles gjeld vanlege reglar for inn- og utførsle til og frå Noreg, og for frakt av farleg gods med fly.​

Porto

Sendingar mellom Noreg og tenestestadene blir frankerte etter same portotakstar som innan Noreg.

Toll og avgifter

Postsendingar til og frå utanlandsstyrken som kan innehalde toll- og/eller avgiftspliktige varer, blir kontrollerte av Tollvesenet i Noreg. For alle sendingar som inneheld meir enn vanlege brev, må du fylle ut nødvendige tollpapir nøyaktig og detaljert for å unngå forseinkingar. Nødvendige tollblankettar får du på postkontoret ved innlevering.

Innpakning

Det er svært viktig å bruke solid innpakning, sidan det er lang framsendingsveg med fleire omlastningar.

Andre spørsmål?
Viss du har andre spørsmål om postsendingar til soldatar i utanlandsteneste, ta kontakt med det lokale kontoret til Administrativ foresatt avdeling ved FPVS eller Forsvarets arkivtjeneste. Viss du har spørsmål om tollreglar, ta kontakt med Tollvesenet.
Publisert 22. januar 2014 08:28.. Sist oppdatert 12. juli 2017 10:19.