Kva om eg blir skada?

Om du blir utsett for ein skade, er det nokre ting som er viktige å tenkje på.

​​​​Sørg for at skaden blir dokumentert. Oppsøk lege så snart som råd og meld frå til befal​ eller militærpoliti. Det kan vere greitt å notere ned kva som skjedde før, under og etter du blei skada. Skaff også namn på vitne medan du framleis har detaljane klart føre deg. Denne informasjonen vil kunne få stor betydning i ei eventuell erstatningssak.

Arbeidsgivar skal rutinemessig melde frå om yrkesskade til NAV. Om det ikkje blir gjort, bør du sjølv gjere dette. Melding om krav under nokre av erstatnings- eller forsikringsordningane sender du til Statens pensjonskasse. I skademeldinga bør du utførleg greie ut om og forklare korfor du krev erstatning, korleis skaden har skjedd og kva for eit øk​onomisk tap som har oppstått.

Om det er grunnlag for å utbetale erstatning, vil normalt rimelege og nødvendige utgifter til advokat til dekt som ein del av erstatningsoppgjeret.

Du finn meir informasjon ​på nettstaden til regjeringa.​

Publisert 8. januar 2015 09:34.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:53.