fakta_751_stridsbaat90nfakta_751_stridsbaat90nhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20806/media/PubImages/Faar181029EI_1265.jpg
fakta_751_stridsbaat90nfakta_751_stridsbaat90nhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20807/media/PubImages/20161121JLH_4943.jpg
fakta_751_stridsbaat90nfakta_751_stridsbaat90nhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20808/media/PubImages/20181027JØ_3327.jpg

Stridsbåt 90N

Stridsbåt 90 er eit svenskbygd hurtiggåande sjøfartøy. Versjonen som Sjøforsvaret bruker, er tilpassa norske høve og heiter Stridsbåt 90N.

​Stridsbåt 90N er eit kjapt og fleksibelt sjøfartøy, og i 1990-åra kjøpte Sjøforsvaret inn 20 slike båtar. Stridsbåtane blei bygde i Sverige på Dockstavarvet og følgde svenskane sin originale Stridsbåt 90.

I dag har Sjøforsvaret seks stridsbåtar. Fartøya er mellom anna utstyrte med 12,7 mm mitraljøser og har ein maksfart på 37 knop (rundt 70 km/t).

Stridsbåt 90N opererer mykje i grunt kystfarvatn av Kystjegerkommandoen (KJK). Fartøyet er særleg kjend for å vere smidig, og det kan gjere ekstremt skarpe svingar i høg hastighet.

Forsvaret har desse seks stridsbåtane:

  • KNM «Osternes»
  • KNM «Tangen»
  • KNM «Møvik»
  • KNM «Malmøya»
  • KNM «Hellen»
  • KNM «Oddane»

Publisert 20. november 2019 10:59.. Sist oppdatert 20. november 2019 11:06.