12. juni 2017 ble det nye hangarbygget på Luftforsvarets base Sola åpnet av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen sammen med forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Et av de nye norske redningshelikoptrene, AW101, kom på besøk til Sola fra England og hadde en oppvisning for de besøkende.  
/
AW101, Norways new Search and Rescue Helicopter, visited Sola Air Base in conjunction with the opening of a new Hangar for the 330th Squadron.

Sola

Luftforsvarets base Sola ligg utanfor Stavanger og er hovudbase for 330 skvadron og 130 luftving.

Sted
Adresse
Skvadronvegen, 4050 Sola
Kontakt
915 03 003

130 luftving skal drifte og operere Noregs nye søk- og redningshelikopter, AW101 SAR Queen.

Sola er hovudbase for 130 luftving som består av 330 skvadron, vedlikehaldsskvadronen og test- og evalueringsavdelinga for AW101. I tillegg til Sola, har redningstenesta avdelingar på Rygge, Ørland, Bodø og Banak, og Florø frå 2024. På Sola tok dei nye AW101-helikoptera over i september 2020. I løpet av 2023 skal heile AW101-flåten vere i full drift, og Sea King blir samstundes pensjonert.

I tillegg til redningstenesta er Luftforsvarets base Sola også heimebase for forskjellige element frå Cyberforsvaret, Forsvarets logistikkorganisasjons forsyningsavdeling og Agder og Rogaland heimevernsdistrikt (HV-08)

Den militære delen av Stavanger lufthamn Sola blir òg brukt som øvingsbase for einingar frå Noreg og NATO-land. Basen har tett samarbeid med HV-08 og Joint Warfare Center (JWC) på Jåtta, nokre kilometer aust for basen. HV-08 har hovudkvarter på Vatne utanfor Sandnes. 

Aktivitetar og lokalmiljø

Luftforsvarets base Sola ligg i Sola kommune, nord på Jæren. Her er flott naturmiljø med lang kultur- og busettingshistorie. I tillegg til vakre naturopplevingar, er det kort veg til storbyliv og uendelege kulturtilbod i Stavanger og Sandnes. Medan Sola kommune har 27 000 innbyggarar, har Stavangerregionen over 300 000 innbyggarar. Sola har gode kollektivtilbod, og den sivile delen av lufthamna har direkteflygingar til ei rekkje stader i Noreg og Europa. 

Sola kommune har mange flotte idrettsanlegg, mellom anna seks idrettshallar, tre symjehallar og eit stort sentralidrettsanlegg med friidrettsarena med fast dekke, fotballbanar (fire gras- og to grusbaner) og stadionhus med garderobar, trim- og styrkerom, badstue, kafeteria og møterom. Elles i kommunen er mange turløypar, lag og foreiningar. Sjå Sola kommunes nettsider for meir informasjon.

Bustad

Sjå Forsvarsbygg Basen for informasjon om utleigebustadar for forsvarspersonell i Sola-området.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.