Soldater i starten av tjenesten i Forsvaret, har fått utdelt noe militæret utstyr.

Rekruttskulen

Rekruttperioden er dei første 6–8 vekene i førstegongstenesta, og der du får den militære grunnutdanninga.

Før rekruttperioden

Dei 2–3 første dagane i Forsvaret, før rekruttperioden startar, dreiar seg om å samle inn rett informasjon om deg. Du skal mellom anna gjennom (alt er obligatorisk):​

  • Medisinsk kontroll med tannlegesjekk, blodprøve, høgde, vekt, syn og fargesyn
  • Samtale med lege og psykolog dersom du har endra​ helse etter sesjon
  • Samtale med økonomioffiser
  • Fotografering til ID-kort
  • Tryggleikskontroll (søk etter narkotika, doping, ulovlege medisinar, våpen etc.)
Rekrutt fra luftvernrekruttskolen klar for mestringsøvelsen Torden.

Ein typisk dag på rekrutten

  • 06.00: Revelje 
  • ​06.15: Frukost
  • 07.30: Inspeksjon av rom
  • 08.00: Undervisning ​
  • 11.00: Lunsj
  • 12.00: Undervisning
  • 16.00: Middag
  • 17.00: Fritid eller undervisning om nødvendig

Fra dans til en hverdag i skogen

– Førstegangstjenesten blir hva man gjør det til selv.

Pil til høyre
07062023JH-1065
Teori og praksis
Undervisninga i rekruttperioden er både teoretisk og praktisk, og ho skjer både utandørs og innandørs.
Lange arbeidsdagar
Du må rekne med noko teneste også på kveldstid, då du skal lære mykje på kort tid. Dei første to vekene er det vanleg at du ikkje får forlate leiren.

Om rekruttperioden

  1. Det er vanleg at du ikkje får den første helgepermisjonen, det vil seie fri laurdag og sundag, før den andre eller tredje helga. Vidare utover i rekruttperioden er det vanleg med generell helgepermisjon, med mindre undervisning eller øving er lagt til helga.

    Første langpermisjon – altså permisjon som strekkjer seg over fleire dagar, inkludert kvardagar – får du først etter rekruttperioden. Det er vanleg å få nokre dagars permisjon i overgangen frå rekruttperioden til overføring til tenestestaden der du skal vere resten av førstegongstenesta.

  2. Dei første vekene er det uniformsplikt. Det vil seie at du ikkje kan bruke dine eigne klede eller ditt eige utstyr så lengje du er i leiren. Unntaket er undertøy og treningsklede. Etter ei stund får du lov til å bruke dine eigne klede når du ikkje er i teneste, altså på fritida. Det kan òg hende det tek fleire dagar før du får uniform, så ta med sivile ​klesplagg for eit par veker. 

  3. Reveljen eller vekkjesignalet går som regel klokka 06.00, og dagen startar med romvask og frukost. Her er det smart å finne gode rutinar i samarbeid med dei du deler rom med. Fordel arbeidsoppgåver og etabler rutinar for samarbeid. Inspeksjon av romma skjer som regel dagleg før tenesta tek til.

  4. I tenesta er det personlege våpenet ditt ei HK416-rifle. I utdanninga legg vi vekt på at du skal bli fortruleg med våpenet og tryggleiksreglane. Du får i tillegg lære korleis du handterer puss og vedlikehald, også i felt. Øving med skarp ammunisjon blir òg gjennomført i rekruttperioden.

  5. Du får opplæring i grunnleggjande militære fag og handtering av våpen i strid, vernemaske og CBRN-utstyr (chemical, biological, radiological and nuclear). Kamuflasje, samband og etablering av base i felt er nokre døme på det du skal lære som rekrutt. I løpet av rekruttperioden blir det òg gjennomført ei eller fleire øvingar i felt.

  6. Dette inneber mellom anna opplæring i bruk av kart og kompass og sanitet. Den grunnleggjande opplæringa består mellom anna av basal hjarte- og lungeredning, livreddande førstehjelp (ABCDE-metoden), førstehjelp på ulykkesstaden, frostskadar, brannskadar, transportmåtar og forflyttingsteknikk, felthygiene og evakuering av skadde. Rett påkleding i felt er òg ein viktig del av opplæringa.

  7. Den fysiske forma di, det vil seie styrke og kondisjon, blir testa. Førstegongsteneste stiller krav til fysisk yteevne. Dei ulike stillingane og avdelingane har differensierte fysiske minstekrav. Du har testplikt i eit sett med ​felles øvingar. Gjennom heile rekruttperioden står fysisk trening på timeplanen.

  8. Som rekrutt får du opplæring i korleis du står fram som enkeltsoldat og som ein del av ein tropp. Du og resten av troppen blir lært opp til å kunne marsjere presentabelt og ta del i oppstilling saman med andre troppar og heile kompani. I tillegg legg vi vekt på helsing, skikk og bruk og korrekt ​militær åtferd​.

Episode 1

Rekrutten

Dette er ein serie som viser korleis det er å vera på rekruttskule i Forsvaret. Alle som skal i førstegongsteneste må gjennom rekruttskulen før dei går ut i vanleg teneste

Førstegangstjenesten

Etter rekruttskolen overføres du til en avdeling i Forsvaret, hvor du gjennomfører tjenesten din. Les mer om tjenestemulighetene.

Pil til høyre
Illustrasjons foto av soldater fra Telemark bataljon til FMR rapport