20250117tk_A4699

Uniformsutsal

Sal av uniformer skjer via Forsvarets intranett. Vi har utvida opningstider i samand med Kong Harald Vs død.

Forsvarets uniformsutsal (FUNIF) er heildigitalt. Bestilling og sal skjer via ei eiga nettløysing på Forsvarets intranett. Der kan du bestille varer og få dei sende heim til deg. På FIF på intranett finn du nettbutikken og vidare instruksjonar.

Har du ikkje tilgang til Fis Basis?

Er du knytt til Forsvaret, til dømes veteran, og ikkje har tilgang til Fis Basis? Då kan du nytte lenkjene under for bestilling og meir informasjon. Merk at dette berre gjeld deg som ikkje har tilgang til Fis Basis.

Utvida opningstider i samband med Kong Harald Vs død

I samband med bortgangen til Kong Harald V forventar vi auka aktivitet og eit ekstra behov for tilgang på materiell til tenesteuniformer og saumtenester.

FUNIF held derfor fram med utvida opningstid frå kl. 08.00 til kl. 20.00 måndag 7. september og tysdag 8. september. Dersom ein ønskjer å hente materiellet sjølv, må du avtale dette per telefon med FUNIF.

Alle leveransar som blir bestilte måndag 7. september, blir sende med ekspress for å sikre at dei kjem fram.

Alle leveransar som blir bestilte tysdag 8. september, må hentast hos FUNIF på Nordkisa dersom dei skal brukast i samband med gravferda til Kongen.

FLO har fått føringar for korleis innmelde behov skal prioriterast. Dette vil påverke ordinære leveransar, som framleis skal bestillast i FUNIF-nettbutikken i FIF.

Behov skal fortrinnsvis meldast inn til kontakttelefonen, alternativt til postboksen til FUNIF:

  • Kontakttelefon: 457 ​28 ​001
  • E-post: (B) FLO LOGREG-SØ FUNIF KUNDESERVICE (postboks)​ og (U) funif@mil.no

Det kan vere stor pågang og mange som ønskjer å bestille. Ver venleg og ha tolmod.

Kontaktinformasjon for alle

For meir informasjon, ta kontakt med oss:

  • E-post (ugradert): funif@mil.no
  • Telefon nettbutikk/kundeservice: Det er for tida stor pågang hos FUNIF, så for å kome à jour med alle innkomne førespurnader på både U og B, gjeld følgjande:
    • Vi svarar berre på telefon tysdagar frå kl. 08 til 11, og frå 12 til 14. Dette gjeld fram til slutten av juni 2026.
    • Vi svarar på e-postar så snart som mogleg (U og B). Det vil ta tid å få svar, og vi ber deg derfor om ikkje å sende same forespurnad på nytt. Dette gjeld til vi er komne à jour, vi kan ikkje gi noko meir presist tidspunkt per no.

Vil du levere inn uniformer?

Har du ei uniform som du ikkje lenger ønskjer? Då skal du levere uniforma inn, eller makulere ho.

Personlege militære klede (PBU) som du har fått av Forsvaret, skal du levere inn på næraste depot. Andre uniformer kan du klippe i sund eller øydeleggje på andre måtar, slik at andre ikkje kan bruke ho. Hugs å sprette av flagg, knappar og distinksjonar (jf. Bestemmelse om uniformer, Oslo 25. september 2020, pkt. 2.2.6 Kassering og salg.)

Du kan òg sende inn uniformer og militære klede til Forsvaret, som har eigne makuleringsmaskiner for uniformer. Adressa er:

FLO LOGREG SØRØST
Returmottak Bygg 2
Skrytehagen 24
2055 Nordkisa

v/sjefssersjant Lars Christian Svartås, FLO Sentrallager SØR

Har du spørsmål, kan du kontakte Lars Christian Svartås på telefon 23 09 80 00.