Er du ny i Heimevernet?

Kvart år fullfører om lag 8000 kvinner og menn førstegongstenesta. Over halvparten må rekne med at dei etter førstegongstenesta blir overført til Heimevernet. Er du ein av desse? Her får du meir informasjon.

200819HST_1137
Bekreft innkallinga til Heimevernet så snart som mogleg
  1. Sju av ti soldatar ber HV-merket og reagerer lokalt i heile landet ved krise eller krig. Heimevernet er inndelt i 11 landsdekkande HV-distrikter. Distriktene har det territorielle ansvaret på vegne av Forsvaret. Dei disponerer innsatsstyrker og HV-områder, samt tilretteleggjer for og samarbeidar med andre einingar i Forsvaret, allierte styrker og sivile samarbeidspartnarar.

    Les meir om Heimevernet

  2. Forsvaret skal sikre Norges suverenitet, våre rettighetar og bevare norsk handlefriheit mot militært og anna press.

    Norge har ein godt utrusta hær med dyktige og erfarne soldatar, og me har eit landsdekkande og modernisert heimevern. 

    Heimevernet treng også soldatar og etter førstegongstensta må mange soldatar rekne med å bli overført til Heimevernet.

    Norsk verneplikt er totalt 19 månadar eller 575 dagar. Heimevernet består hovedsakelig av personell som er overført etter 12 månadars førstegongsteneste. 

    Dei siste sju månadane fordeles på inntil seks dagar øvelse per år for menige soldatar, eller inntil ni dager øvelse per år for spesialistar, befal og offiserar. Dette gjer at eit stort antal soldatar står i militær beredskap for samfunnet til og med det året dei fyller 44 år. 

  3. Når Heimevernet gjennomfører såkalt nytilføring av personell (NYPE), så blir framtidige soldatar innkalla til å motta utstyr og informasjon om Heimevernet. 

    Les meir om nytilføring lengre ned på sida.

  4. Dei fleste i Heimevernet øver éin gong i året. Menige soldatar kallast inn opp til seks dager i året, mens spesialistar, befal og offiserar øver inntil ni dagar i året.

    Soldatar i innsatsstyrken kan kallast inn opptil 30 dagar i året. Alle øvelsar er forskjellige, frå små områdetreningar til deltakelse i store Nato-øvelsar. 

    Grunnleggjande stridsteknikk er for eksempel noko alle soldatar i Heimevernet må øve på og repetere, uansett kor mykje eller lite dei kan frå før. 

    Meir om HV-tenesta

  5. Moglegheitene er mange. Ein kan velga å væra menig soldat heile si tid i HV, eller ein kan gå kurs og ende opp som for eksempel lagførar, spesialistbefal, områdesjef med meir. Mange som har sivile jobbar eller utdanning kan også bruke dette i HV-tjenesten. For eksempel prestar, advokatar, journalistar, sjukepleiarar og legar. I tillegg har Heimevernet innsatsstyrker for dei som er ekstra motivert. 

Om tenesta i Heimevernet
Alt du treng å vite om lover og reglar, bekledning og utrustning, årlig våpenrekvittering, sikkerhet med meir.
Økonomi og godtgjering
Under tenesta og øvingar i Heimevernet får du økonomisk tillegg eller godtgjering. Du kan også søkje om økonomisk stønad.

Det du lurer på om Heimevernet

Kan eg ta utdanning og kurs i Heimevernet? Får ein same stilling som i førstegongstenesta? Må eg ta fri frå jobb for å væra med på HV-øvelse? Her finner du kanskje svaret på det du ikkje visste om Heimevernet.

Pil til høyre
4Z6A9580

Praktisk informasjon ved første frammøte

    • Innkallingsbrevet (til bl.a. rabatt på eventuell kollektivtrafikk)
    • Legitimasjon
    • Klede etter ver (kle deg etter veret sånn at du kan opphalde deg utandørs i periodar. Idrettsklede er ikkje tillaten i Forsvarets spisemesser.)
    • For deg som ikkje får lønn under øvinga: Stadfesting frå arbeidsgivar
  1. Der det er offentleg transport tilgjengeleg, får du refundert eit beløp som tilsvarer det som det hadde kosta å bruke offentleg transport. Er det ikkje offentleg transport tilgjengeleg, får du kilometergodtgjering. Dei fleste oppmøtestedar har avsett plassar til parkering. Du parkerer på eige ansvar.​

    Merk! Av og til kan kilometergodtgjering vere billigare enn offentleg transport, då blir det utbetalt kilometergodtgjering.​

  2. Forsvaret refunderer reisa til og frå oppmøtestaden. Reisegodtgjeringa blir utrekna etter den billigaste reisemåten og blir utbetalt etter oppmøte. Du får rabatt på offentleg transport ved å vise fram legitimasjon og innkallinga.

  3. ​Blir du akutt sjuk like før frammøte må du varsle Forsvaret omgåande på telefon 915 03 003 og sende kopi av sjukemeldinga.

    Dersom du har fått ein kronisk sjukdom, som du trur har konsekvensar for om du kan tenestegjere, må du sende ei legeerklæring (helst ikkje eldre enn 3 må​nadar) til Forsvaret straks etter at du har fått innkallinga. Sjå innkallingspapira for detaljar.

    Legeerklæringa må innehalde grundig forklaring av sjukdom/plager samt vurdering av prognose.

  4. Sjå informasjon som gjeld spesifikt for heimevernsdistriktet ditt. Der står det kvar du skal ta kontakt for å ordne overnatting om det er mogleg. Anna overnatting blir ikkje dekt.

Orientering til arbeidsgivar
Du må melde ifrå til arbeidsgivar at du er innkalla til Heimevernet.

Utsetjing eller fritak frå Heimevernet

  1. Du kan mellom anna søkje om utsetjing på grunn av:​​

    • Utdanning (berre for utdanning på studiestad utafor heimevernsdistriktet)
    • Eiga helse
    • Sjukdom i familien
    • Svangerskap/omsorg
    • Eineforsørgjar / omsorg for barn
    Du er pliktig til å møte dersom du får innkalling til nytilføring til Heimevernet. Er det spesielle grunnar til at du ikkje kan møte, kan du søke om utsetting.
  2. Du kan søkje om fritak frå verneplikta og Heimevernet på grunn av skade, sjukdom eller andre helseproblem. Då må du sende søknad med dokumentasjon om den nye helsesituasjonen din. Ein legeattest må innehalde opplysningar om diagnose, tidlegare og pågåande behandling, prognose osv.

    Send søknaden til

    Forsvarets personell- og vernepliktssenter
    Postboks 800, postmottak
    2617 Lillehammer

    Eller på e-post til postmottak@mil.no​.

    Merk! Har du vore på heimevernsøvingar før, skal ein søknad om fritak sendast direkte til heimevernsdistriktet ditt.​

    Om du har ein samfunnskritisk funksjon kan det òg hende at du kan inngå i fritaksordninga. Høyr med din arbeidsgivar og sjå fritaksordninga

  3. ​Forsvarsloven opnar for at vernepliktige som kjem i konflikt med si alvorlege overtyding (pasifisme) kan bli friteken for militærteneste.

    Overtydinga må vere fast og alvorleg. Ei alvorleg overtyding kan vere etisk, religiøst eller politisk fundert. Du må ha ei grunnleggjande pasifistisk innstilling.​ Fritak etter forsvarsloven blir ikkje gitt av andre årsaker, som til dømes tilhøve av medisinsk, sosial eller velferdsmessig karakter.

    Søknad kan tidlegast leggast fram på sesjon.​

    Send til

    Forsvarets personell- og vernepliktssenter
    Postboks 800, postmottak
    ​2617 Lillehammer

    Kva skjer etterpå

    Om du får søknaden din innvilga, opnar Forsvaret for at du kan bli innkalla til Sivilforsvaret. Det er så Sivilforsvaret som vel om dei vil innkalle deg til teneste eller ikkje.

    Fakta om lova

    Lova gir høve til å søke om fritak for militærtjeneste av overtydingsgrunnar.

    • Den krev at du har ei grunnleggjande pasifistisk haldning.
    • Du må ta avstand frå at andre menneske brukar vald og våpen som metode for konfliktløysing.
    • Med unntak av nødverjesituasjonar blir det kravd at haldninga er absolutt og gjeld i alle situasjonar (det inneber òg at du må ta avtand frå at Noreg har eit væpna forsvar). Søknad kan tidlegast leggast fram ved sesjon.

    Merk! Ein søknad om fritak for militærteneste fører ikkje til automatisk utsetting av tenesta. Er du allereie kalla inn til teneste skal du, så lenge du ikkje har fått anna melding frå Forsvaret, møte i samsvar med innkallinga. Du kan bli pålagd å følgje tenesta utan våpen i inntil 4 veker medan søknaden blir behandla.

  4. Man kan søke utsettelse av trening og øvelser dersom man av ulike årsaka ikke kan møte. Søknaden skal sendes til områdesjefen din.

    Dersom du søker utsettelse fra en trening eller øvelse, så er det viktig at du uansett svarer på innkallingen.

    Les også nøye følgeskrivet som sendes med innkallingen.

    Mer informasjon finner du her.

Heimevernet - ein del av verneplikta

Bifrost19_KristianBerg_161019_IMG_2557

I Heimevernet er den årlege ordinære tenesteplikta inntil 6 dagar for meinige og inntil 9 dagar for befal/spesialistar fram til ein​ fyller 44 eller 55 år. Om du inngår kontrakt med ein av Heimevernets innsatsstyrkar, får du i tillegg inntil 30 dagar pliktig teneste per år. Det reknast som frivillig teneste, og dei ekstra 30 dagane per år reknast ikkje inn i dei 19 månadene ordinær tenesteplikt. Heimevernet får tilført om lag 4500 nye soldatar kvart år.