Kvifor treng vi eit forsvar?

Jobben vår er å halde Noreg trygt i ei kompleks og uroleg verd.

200619-NORN_SNMG1-019

Forsvarets oppgåver

Noreg er eit langstrakt land med enorme havområde. Utan eit forsvar hadde det vore lett for andre å leggje politisk og militært  press på oss. Forsvaret sørger for at ingen utfordrar grensene våre, demokratiet vårt eller verdiane våre. Vi skal halde deg og resten av Noreg trygge.

Dette er eit stort oppdrag å løyse aleine. Derfor jobbar vi tett saman med sivilsamfunnet, og vi er medlem av NATO. For når 30 land står saman, blir vi så sterke at ingen tør å true eller angripe oss. Vi er alltid klare for å stille opp for NATO. Då stiller nemleg verdas sterkaste militærallianse opp for oss.

Men moderne utstyr og godt trena soldatar er ikkje nok aleine. Vi treng gode haldningar og verdiar, og menneske som passar på seg sjølve og andre. Folk som handterer vanskelege val og etiske dilemma. Folk som ser verdien i andre. For om vi skal verne om norske verdiar, må vi òg leve ut desse verdiane.

Oppgåvene våre

Forsvaret løyser ei rekkje oppdrag på vegne av Noreg.

Pil til høyre
KNM Otra

Verdiane våre

Forsvaret må sjølv leve ut verdiane vi sett til å forsvare.

Pil til høyre
rein1_av_tanja_aakerøy-0360