Forsvarssjefen General Eirik Kristoffersen hadde en samtale med krigsveteran Erling Lorentzen på mottakelsen etter at han hadde tiltrådt som ny forsvarssjef

Erling Lorentzen er død

Motstandsmannen og Kompani Linge-veteranen Erling Lorentzen er død, 98 år gamal.

Erling Sven Lorentzen gjekk bort i dag, tysdag 9. mars 2021 klokka 01.30, etter kort tids sjukdom, melder Det norske kongehuset.

Lorentzen var berre 17 år gamal då nazistane angrep Noreg. Kort tid etter melde Lorentzen seg til teneste for dei norske styrkane i Gudbrandsdalen. Etter examen artium 1941 og eit år i Milorgs sentrale leiing, kom han seg over til Storbritannia. Der gjekk Lorentzen inn i Kompani Linge, og våren 1944 blei han sendt til Noreg som militær områdesjef i Hallingdal.

Kompani Linge er på mange måtar starten til Forsvarets spesialstyrkar, og aksjonane og operasjonane frå krigen har vore viktig læring og inspirasjon for dagens spesialstyrkar. Forsvarssjef general Eirik Kristoffersen har sjølv lang erfaring frå spesialstyrkane og kjende godt til Lorentzen.

– Erling Lorentzen var eit førebilete for meg, og ein god venn. Det var med stor sorg eg fekk beskjeden om bortgangen hans i dag tidleg, seier Kristoffersen.

Lorentzen jobba òg som militær livvakt for kongefamilien då dei kom tilbake til Noreg i 1945, og det var slik han møtte si kommande kone, prinsesse Ragnhild.

Etter krigen etablerte Lorentzen fleire industriverksemder i Sør-Amerika, mellom anna eit reiarlag i Brasil. Heile vegen hadde han eit tett og nært forhold til Forsvaret, og han er dekorert med ei rekkje medaljar og utmerkingar for krigsinnsatsen – mellom andre St. Olavsmedaljen med eikegrein, Deltakarmedaljen med rosett og Haakon VIIs 70-årsmedalje.

20180508tk_I9089.jpg
Lorentzen hadde eit nært forhold til Forsvaret heile sitt liv. Her i 2018 saman med dåverande forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen. Foto: Torbjørn Kjosvold