odlo-andersen

Nye sjefar i FOH og Sjøforsvaret

Generalmajor Yngve Odlo tar over som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter, mens flaggkommandør Rune Andersen er utnemnd til sjef for Sjøforsvaret.

Fredag 16. oktober utnemnde Kongen i statsråd to nye sjefar i Forsvarets leiing. Generalmajor Yngve Odlo er utnemnt som generalløytnant og sjef i Forsvarets operative hovudkvarter. Han tar over etter generalløytnant Rune Jakobsen.

Samstundes blei noverande sjef Marinen, flaggkommandør Rune Andersen, utnemnd til kontreadmiral og sjef for Sjøforsvaret. Andersen tar over etter Nils Andreas Stensønes, som tidlegare i år blei utnemnd til sjef for Etterretningstenesta.

Odlo og Andersen tar over stillingane frå det tidpsunktet Forsvarsdepartementet avgjer.

– Eit svært godt val

Yngve Odlo har lang operativ erfaring frå internasjonale og nasjonale operasjonar, Forsvarets operative hovudkvarter og no seinast som sjef for operasjonsavdelinga i Forsvarsstaben.

Forsvarssjef, general Eirik Kristoffersen, ser fram til at Odlo tar over sjefsstolen i FOH.

– Han er eit svært godt val og har dei beste føresetnadene for å vidareutvikle Forsvarets operative hovudkvarter og måten vi leiar militære operasjonar på i Noreg, seier Kristoffersen.

20151202OST__OST5830.jpg
Generalmajor Yngve Odlo. Foto: Olav Standal Tangen, Forsvaret

Brennande engasjement

Rune Andersen har vore sjef for Marinen sidan 2018. No tar han over som sjef for heile Sjøforsvaret.

– Det var mange svært dyktige søkarar til stillinga som sjef for Sjøforsvaret. Rune Andersen har i karrieren sin vist framifrå handlekraft. Han har eit brennande engasjement for å få det Sjøforsvaret som vi har, til å virke best mogleg – og samstundes søke vidare utvikling, seier forsvarssjefen og legg til:

– Eg har høge forventningar, og er trygg på at Rune Andersen er den rette til å leie Sjøforsvaret vidare, seier Kristoffersen.

20191106EWL_Rune Andersen-0178.jpg
Sjef Marinen, Rune Andersen, på ubåtkaia på Haakonsvern. Foto: Emil Wenaas Larsen