2019_12_06MBR-9420-1 JOC

Forsvarets operative hovudkvarter

Forsvarets operative hovudkvarter vernar norske verdiar og interesser ved å planleggje og utføre norske militære operasjonar heime og i utlandet.

Oppgåver

Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) har overordna kommando og kontroll over militære aktivitetar i Noreg og i utlandet. Dette omfattar alt frå Kystvakta, redningstenesta og grensevakta – til norske soldatar i utlandet.

FOH skal sjå til at Forsvaret er til stades for å hevde Noregs suverenitet og suverene rettar. For å overvake landet og dei enorme havområda våre, nyttar Forsvaret seg av ein rekkje ulike sensorar, kjelder og utstyr. Blant desse er kystradarkjeda, maritime patruljefly og ulike kystvaktfartøy. Informasjonen frå dei ulike sensorane går til overvakingssenteret på FOH. Her set vi informasjonen saman til eit oppdatert situasjonsbilete som vi deler med resten av Forsvaret, og med NATO.

Hovudkvarteret planlegg og gjennomfører store militærøvingar der avdelingar frå alle forsvarsgreinene trenar saman. FOH leiar mellom anna vinterøvingane Cold Response og Joint Viking, med deltakarar frå allierte land og partnarland.

Ved ei nasjonal krise, konflikt eller krig kan ikkje Forsvaret åleine handtere alle hendingar. Derfor har sentrale sivile aktørar som kommunar, sjukehus, transportetatar og matleverandørar fått viktige roller. Denne samla sivil-militære innsatsen kallar vi for totalforsvaret, og FOH har tett samarbeid med sivile partnarar for å halde totalforsvaret oppdatert og i stand til å fungere ved ei krise.

Soldat fra Sanitetsbataljonen i Hæren sammen med Politiet.
Ved ei nasjonal krise må Forsvaret og sivile etatar jobbe saman. Denne sivil-militære innsatsen kallar vi totalforsvaret, og vi øver jamleg saman for å styrke totalforsvaret. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret


FOH er operativ døgnet rundt og har dyktige offiserar, spesialistar, sivile og vernepliktige. Mange av dei tilsette har erfaring frå fellesoperative miljø, stillingar i NATO og internasjonale operasjonar.

Sjefen for hovudkvarteret er den fremste rådgivaren til forsvarssjefen i operative spørsmål. Viseadmiral Rune Andersen er den noverande sjefen for FOH.

Ansvarsområda til FOH

  • Halde kontinuerleg auge med norsk territorium, havområda og luftrommet vårt for å ha full oversikt og forståing av situasjonen
  • Hevde norsk suverenitet i områda våre
  • Utøve nasjonal styresmakt i desse områda
  • Vere til stades og handtere eventuelle kriser
  • Planleggje og leie øvingar
  • Ha kontroll og gi støtte til avdelingane våre i internasjonale operasjonar
  • Støtte sivilsamfunnet når dei ber om støtte frå Forsvaret