Slik markerte Forsvaret Oslo Pride
Sidan 2013 har Forsvaret deltatt i Oslo Pride-paraden. I år var både forsvarsleiinga, soldatar, tilsette og vernepliktige med på markeringa.
Den siste veka av juni gjekk Oslo Pride av stabelen med park på Kontraskjæret ved Rådhusplassen og med storstilt parade gjennom sentrumsgatene laurdag 1. juli.
Forsvaret har som vanleg vore med på markeringa gjennom heile veka, med eigen stand i Pride Park, foredrag på Pride House og naturlegvis deltaking i paraden. I front gjekk forsvarssjef og general Eirik Kristoffersen. Han gjekk første gong i paraden i 2021 og såg fram imot årets parade.
– Eg trong ikkje noko tid på å bestemme meg då eg blei spurd om å stille i paraden som forsvarssjef.
I strålande solskinn blei han og resten av forsvarsfolka heia og klappa fram av tusenvis av tilskodarar i Oslo sentrum.
Forsvarssjefen peikar på at alle soldatar kler seg opp i uniform, men at det bak uniforma er eit mylder av ulike menneske, trusretningar, meiningar, legningar og etnisitetar.
– Og det minste eg kan gjere som forsvarssjef, er å anerkjenne det.
Etter terroråtaket i Oslo i fjor var det ekstra viktig for Forsvaret å vise si støtte i år.
– Åtaket var eit angrep på dei viktigaste verdiane våre. Alle har rett til å vere den dei er, uavhengig av hudfarge, religion eller legning. I møte med terror og andre truslar skal vi stå saman, seier forsvarssjefen.