Søk om utsetting eller fritak

Om du treng å søke utsetting med eller fritak for førstegongstenesta.

Slik søker du om utsetting

Sjå over årsakene for å finne ut kva slags dokumentasjon du må legge ved.​

  • ​Alle søknadar må dokumenterast.
  • Normal saksbehandlingstid er 4–6 veker​.
  • Om du ikkje får svar på søknaden din før oppmøtedato, må du likevel møte som planlagt til førstegongstenesta. Du må da ta med deg søknaden og få den behandla ved oppmøte.

Årsaker til utsetting

  1. Går du på vidaregåande skule på oppmøtetidspunktet, kan du søke om utsetting.

    VGS

    Send inn søknad med stadfesting på at du går på skule så fort som mogleg.

    Læretid

    Er du lærling på oppmøtetidspunktet, kan du òg søke om utsetting. Send inn søknad med kopi av offentleg godkjend lærlingkontrakt, så fort som mogleg.

  2. Du får ikkje utsettelse med førstegongstenesta på grunn av folkehøgskule, bibelskule og liknande. Det gjeld òg om du har betalt innmeldingspengar (unntak om du har betalt innmeldingspengar før du møtte på sesjon).

  3. Går du på skule?

    Påbegynt utdanning, etter du har fått innkalling til førstegongsteneste, gir ikkje rett til utsetting.

    Du må reservere plassen

    Har du søkt og fått bekrefta studieplass på norsk høgskule, universitet eller fagskule, må du be skulen om å reservere studieplassen din. Send ein søknad til skulen du skal studere ved så snart som råd med dokumentasjon frå Forsvaret om at du skal i førstegongsteneste. Les meir om reservasjon for høgare utdanning på samordnaopptak.no.

    Får du ikkje reservert plass?

    Om du ikkje får reservert studieplassen din, legg ved dokumentasjon frå skulen som seier at reservasjon ikkje er mogleg.

    Skule i utlandet

    Har du fått skuleplass i utlandet må du legge ved dokumentasjon frå skulen som bekreftar studieplassen din.

  4. ​​Arbeidsmiljøloven gir deg rett til permisjon frå jobben når du skal inn til førstegongsteneste. Det er derfor ikkje vanleg å få utsett førstegongstenesta på grunn av arbeid.​

    Utsetting på grunn av arbeid kan du få dersom:

    • Ar​beidsplassen din blir påført vesentlege tap
    • Livsviktige funksjonar stoppar opp
    • Arbeidsplassar må leggast ned dersom du må inn til førstegongsteneste

    Kvar søknad blir behandla individuelt. Søknaden må innehalde dokumentasjon frå arbeidsgivaren.​

  5. ​​​Du kan søke om utsetting av førstegongstenesta på grunn av økonomiske eller sosiale årsaker (til dømes svangerskap eller eneforsørger/omsorg for barn)​. Kvar søknad blir behandla individuelt. Hugs å legge ved relevant dokumentasjon.​

    Hugs at Forsvaret kan dekke ein del faste utgifter medan du er inne til førstegongsteneste. Sjå kva du kan få økonomisk støtte til.

Søk utsetting
Last opp dokumentasjon i PDF-format og send søknaden elektronisk.

Fritak

Illustrasjon toppidrettsutøver

Du kan få f​ritak for førstegongsteneste om du har eit helseproblem, er toppidrettsutøvar eller pasifist. Framgangsmåten for å søke er ulike.

Om du ikkje får svar på søknaden din før oppmøtedato, må du likevel møte som planlagt til førstegongstenesta. Du må da ta med deg søknaden og få den behandla ved oppmøte.

  1. Har du fått ein skade, sjukdom eller eit anna helseproblem som du meiner har noko å seie for evna di til å gjennomføre førstegongsteneste, må du sende dokumentasjon til Forsvaret.

    Logg inn

    Blir helseproblemet vurdert som alvorleg nok, får du fritak. Om du seinere blir frisk, må du sende ny dokumentasjon for å bli innkalla til førstegongsteneste.

    Send dokumentasjon frå lege om den nye situasjonen du er i. Det er viktig at dokumentasjonen inneheld opplysningar om dei plagene eller lyta du har, dokumentasjon på utførte undersøkingar (røntgen, blodprøver osv.), funksjonsbeskriving og diagnose.

    Legeerklæringa må ikkje vere eldre enn 3 månader. Dokumentasjonen blir vurdert av militære legar.

    Sjå òg forsvaret.no/helsekrav.

  2. Unge toppidrettsutøvarar kan søke om fritak frå førstegongstenesta for å halde fram med idrettssatsinga. Er du blitt kvalifisert for militærteneste på sesjon, kan du søke om fritak frå førstegongstenesta for å drive med toppidrett.​

    Slik søker du

    Du som toppidrettsutøvar må sjølv søke gjennom eit skjema på Olympiatoppens nettsider.

    Får du godkjent søknaden, sender Forsvaret deg eit skriftleg svar som seier at du har fått fritak frå førstegongstenesta.

  3. Forsvarsloven opnar for at vernepliktige som kjem i konflikt med si alvorlege overtyding (pasifisme) kan bli friteken for militærteneste. Overtydinga må vere fast og alvorleg. Ei alvorleg overtyding kan vere etisk, religiøst eller politisk fundert. Du må ha ei grunnleggjande pasifistisk innstilling.​

    Søk her

    Hugs at du kan tidlegast søke etter sesjon.​

    Kva skjer etterpå?

    Om du får søknaden din innvilga, opnar Forsvaret for at du kan bli innkalla til Sivilforsvaret. Det er så Sivilforsvaret som vel om dei vil innkalle deg til teneste eller ikkje.

    Fakta om lova

    Lova gir høve til å søke om fritak for militærtjeneste av overtydingsgrunnar.

    • Den krev at du har ei grunnleggjande pasifistisk haldning.
    • Du må ta avstand frå at andre menneske brukar vald og våpen som metode for konfliktløysing.
    • Med unntak av nødverjesituasjonar blir det kravd at haldninga er absolutt og gjeld i alle situasjonar (det inneber òg at du må ta avtand frå at Noreg har eit væpna forsvar). Søknad kan tidlegast leggast fram ved sesjon.

    Merk! Ein søknad om fritak for militærteneste fører ikkje til automatisk utsetting av tenesta. Er du allereie kalla inn til teneste skal du, så lenge du ikkje har fått anna melding frå Forsvaret, møte i samsvar med innkallinga. Du kan bli pålagd å følgje tenesta utan våpen i inntil 4 veker medan søknaden blir behandla.

Pil til høyre
Informasjon før du møter