Soldater på Oslo S

Økonomi, permisjon og fordelar

Ei oversikt over fordelar, permisjon og økonomiske gode under førstegongstenesta.

I førstegongstenesta får du eit tenestetillegg kvar månad. Forsvaret held deg med mat, klede og bustad så lengje du er i førstegongsteneste. Du kan dessutan søke om å få dekt faste økonomiske utgifter som husleige og liknande.

Så lenge du er i førstegongsteneste og viser blått FD-ID-kort, får du 90 % rabatt på tog og fleire busselskap.​ Du kan òg søke om stipend for kurs og eksamen, og få gratis digital undervisning om du tek opp fag frå VGS.

Permisjonar og heimreiser

  1. Alle soldatar som er inne til 12 månaders førstegongsteneste får 20 permisjonsdagar som dei kan bruke som dei ønskjer, så lenge tenesta tillèt det. 6 månaders førstegongsteneste gir 10 permisjonsdagar medan 18 månaders førstegongsteneste gir 30 permisjonsdagar.

    Det er vanleg å forlate leiren under permisjon, men du kan sjølvsagt bli der dersom du ønskjer det.

    Avdelingane i Forsvaret avviklar permisjonar ulikt. Somme avdelingar har langpermisjonar for alle i avdelinga og er lite fleksible på individuelle permisjonssøknader. Andre avdelingar overlèt i stor grad til dei meinige sjølve å planleggje permisjonsdagane sine.

    Søker du om permisjon, er det viktig at fridagane ikkje kolliderer med den militære opplæringa eller tenesta. Du kan mellom anna ikkje rekne med å få innvilga søknad om permisjon under rekruttskulen.

    Permisjon under rekruttskulen

    Det er vanleg at du ikkje får den første helgepermisjonen, det vil seie fri på laurdag og søndag, før den andre eller tredje helga. Vidare utover i rekruttskuletida er det vanleg med generell helgepermisjon, med mindre undervisning eller øving er lagt til helga.

    Første langpermisjon, altså permisjon som strekkjer seg over fleire dagar, inkludert kvardagar, får du først etter rekruttskulen. Det er vanleg å få nokre dagars permisjon i overgangen frå rekruttskulen til overføring til tenestestaden der du skal vere resten av førstegongstenesta.

    Permisjon ved høgtider

    Det er vanleg at soldatar får felles permisjon ved høgtider. Glidande helgedagar blir ikkje trekte frå dei 20 permisjonsdagane. Dette er det gjort greie for i Permisjonsdirektivet.​

    Gjennomføringa av felles permisjonar varierer frå avdeling til avdeling. Avdelingar som har soldatar i beredskap eller i turnusordning, gir aldri felles permisjon. Men der er det derimot vanleg at dei som ikkje er i beredskap eller har vakt, får fri. Eksempel på soldatar som er i beredskap eller har turnusordning, er gardistar, grensejegarar og vaktsoldatar.

    Sjuk under permisjon?

    Soldatar som blir sjuke under permisjon, skal oppsøke militær lege dersom det finst der dei er. Legeerklæring frå sivil lege gir ikkje rett til fråvær frå tenesta utover den godkjende permisjonen, med mindre legeerklæringa ettertrykkjeleg slår fast at reisa til tenestestaden vil føre til forverring av sjukdommen eller er ein fare for liv og helse.​

    Oppstår det ein situasjon der du får beskjed frå legen din om at du ikkje kan reise til tenestestaden når permisjonen går ut, må du straks ta kontakt med tenestestaden din.

    Blir du sjukmeld og ikkje er i stand til transport under permisjonen, får du godskrive tilsvarande mange permisjonsdagar. Den utsette permisjonen blir avvikla når avdelinga finn tid til det. Avdelingane skal prøve å leggje den utsette permisjonen til eit tidspunkt som passar for deg.

  2. Når du er inne til førstegongsteneste får du fleire gratis heimreiser om du er bosatt eller oppheld deg i Noreg. Talet på heimreiser er noko annleis for dei som har teneste veldig langt frå heimen eller har barn. Hovudregel er:

    • 6 månader førstegongsteneste = 4 gratis heimreiser
    • 12 månader førstegongsteneste = 7 gratis heimreiser
    • 15 månader førstegongsteneste = 10 gratis heimreiser

    Gratis

    Hovudregel er at reisa må du legge ut for sjølv (ikkje flyreise*). For å få att pengar du har krav på, skal du fylle ut reiserekning på Mi side når reisa er gjennomført.

    * Tek reisa over 8 timar, får du flybillett. Denne billetten må bestillast av Forsvaret, og det er avdelinga sitt ansvar å gjere det.

    Du får dekt billigaste reisemåte

    Du får dekt reise på den billigaste måten. Hugs at du hos Vy og ein del busselskap får 90 prosent rabatt når du viser blått FD-ID.

  3. Etter fullført teneste får soldatar stort sett fri. Det vil seie at dei fleste soldatar har fri på kveldar og helgar. Unntaket er under rekruttskulen. Da er det ofte undervisning på kveldstid og i helg. 

    Soldatar som høyrer til avdelingar som har beredskap har ikkje same ordning med fri på kveldar og helgar. Der er det vanleg med turnusordning. Det kan løysast ved at soldatane blir delte i lag. Eitt lag arbeider ei veke, medan det andre har fri. Og så byter dei veka etter. Eksempel på soldatar som er i beredskap eller har turnusordning, er gardistar, grensejegarar og vaktsoldatar.

  4. Som eit velferdstilbod har Forsvaret avtale med fleire hotell som gir rabatt på overnatting.

    Tilbodet er for deg i førstegongsteneste. Les meir her:

Du får 2 tilleggspoeng
Du kan få 2 tilleggspoeng for anten militærteneste, folkehøgskule eller høgare utdanning. Poenga ​blir rekna med i ordinær kvote. Om det blir rekna som mest gunstig for deg, blir du rekna med i kvote for førstegongsvitnemål utan tilleggspoeng.
Lege og tannlege
Som soldat i førstegongsteneste har du tilgang på lege og tannlege i leiren. Les meir om krav om gratis legetenester og anna helsehjelp hos Helsenorge.
Pil til høyre
Stipend og VGS-fag

Økonomiske tillegg (skattefritt)

  1. Dagsats: 221,– kr per dag. ​​Det inkluderer helg, permisjonsdagar, høgtid osv.​​

    Det er eigne auka satsar for dei som har teneste ut over 12 månader.

    Tenestetillegget er meint å dekke utgifter til ting du ikkje får frå Forsvaret. Det utbetalast på etterskot og skal være på konto innan den 1. i månaden.

  2. Dagsats: 31,– kr per dag. Kjem til dei som blir forfremma til ledande meinig eller ledande flysoldat under tenesta. Det kjem i tillegg til tenestetillegget.

  3. 6 månaders teneste = ca. 21 000,– kr
    12 månaders teneste = ​​ca. 42 522,– kr
    15 månaders teneste = ca. 55 600,– kr

    Dagsatsen er 116,50 kr. Totalbeløpet varierer. Du får for antal dagar frå og med frammøtedato til og med faktisk dimisjonsdato. Dei som avbryt førstegongstenesta – eller førtidsdimitterer etter eigen søknad – før fullført teneste, får utbetalt i samsvar med talet på tenestegjerande dagar.

    Dagsats er noko høgare ut over 12 månader teneste.

    Det er ikkje mogleg å få dimisjonsgodtgjering meir enn ein gong.

  4. Eit tillegg du får om du har ektefelle eller er sambuar med felles barn.

    Du må stadfeste forsørgjaransvar med vigselattest eller attest for inngått registrert partnarskap og fødselsattest. Er de ikkje gifte, må du ta med bevis på at du og mor/far til barnet bur på same adresse.​​

  5. Du får 6731,– kr per månad for det første barnet og 2773,– kr per månad for kvart barn elles. Barnetillegget blir utbetalt til den som har omsorga for barnet.

Utgifter du kan søke om å få dekt

  1. Du må søke om stønad etter at du har møtt til teneste. Der får du prate med ein sosialsaksarbeidar i leiren. Hugs å gjere klar all dokumentasjon før tenesta starter (papir eller PDF-dokument).

    Du kan søke om å få dekt:

    • Husleige
    • Renter og kostnader (ikkje avdrag) på bustadlån, men du må sjølv ta kontakt med banken og fryse lånet
    • Renter og kostnader (ikkje avdrag) på lån til depositum, innbu eller oppussing
    • Straum eller andre utgifter til oppvarming
    • Kommunale avgifter
    • Bustad-/innbuforsikring
    • Abonnementsavgift for internett, maksimum 350,– kr per månad
    • Kabel-TV-avgift dersom det ikkje er integrert i husleiga

    Vilkår

    • Du må bu i bustaden det blir søkt om stønad for, og du må ha budd der i meir enn 4 månader før oppmøte.
    • Du må vere registrert i folkeregisteret med adressa til bustaden (unntak for studentar).
    • Du må sjølv ha hatt midlar til å dekke buutgiftene. Det må vere samsvar mellom inntektene og utgiftene dine. 
    • Søknaden din blir behovsprøvd. Det vil seie at du kan få heil, delvis eller inga stønad til buutgifter du har under førstegongstenesta.
    • Forsvaret overtek ikkje økonomiske forpliktingar som du frivillig har teke på deg.
  2. Du må søke om stønad etter at du har møtt til teneste. Der får du prate med ein sosialsaksarbeidar i leiren.

    Du kan søke om å få dekt:

    • Renter/omkostningar på lån til arbeidsverktøy
    • Personforsikring (ikkje bil eller reiseforsikring)
    • Stønad til sjølvstendig næringsdrivande

    Vilkår

    Søknad​en din blir behovsprøvd. Det vil seie at du kan få heil, delvis eller inga støtte til ​utgifter du har under førstegongstenesta.

    Forsvaret overtek ikkje økonomiske forpliktingar som du frivillig har teke på deg.

  3. For deg som leiger bustad:

    • Husleigekontrakt
    • Kvittering* frå bank som viser at du har betalt husleige dei 4 siste månadene før oppmøte

    * Er du gift eller har sambuar med felles barn treng du ikkje kvittering.

    For deg som eig bustad sjølv:

    • Tinglyst skøyte/kjøpekontrakt for bustaden som dokumentasjon på kjøpesum
    • Bankopplysningar om bustadlån

    For gifte eller sambuarar med felles barn:

    • Vigselattest
    • Skatteoppgjeret for det siste året
    • Skatteoppgjeret for det siste året for ektefelle eller sambuar med felles barn
    • Stadfesting på inntekt for ektefelle eller sambuar under førstegongstenesta di
    • Dersom ektefellen eller sambuaren ikkje er i inntektsgivande arbeid, må du ta med ei stadfesting frå NAV (trygdeytingar eller sosialhjelp)
    • Stadfesting av at ektefellen eller sambuaren går på skule

    Ta også med:

    • Rekning og kvittering for siste betalte straumrekning, kommunale avgifter, betalte internettabonnement og mobilabonnement
    • Forsikringsavtale og kvittering for bustad-/innbuforsikring
    • Skatteoppgjeret for det siste året
    • Lønnsslippar for dei siste 4 månadene før oppmøte
    • Stadfesting frå arbeidsgivaren om det blir gitt lønn eller ytingar under førstegongstenesta eller ikkje
    • Du som ikkje har vore i lønt arbeid eller under utdanning, må dokumentere anna inntekt dei siste 4 månadene før oppmøte
    • For skuleelevar/studentar: siste utbetalingsslipp frå Lånekassen og dokumentasjon på skulegang siste semester

Spørsmål og svar

  1. ​Enkelte soldatar kan få heimebuarstatus medan dei er inne til førstegongsteneste. Det vil seie at dei bur og et privat (hos foreldre eller i eigen bustad). I rekruttperioden må dei aller fleste bu i leiren. Heimebuarstatus er frivillig, og du må søke.

    Ein føresetnad for å få heimebuarstatus er at heimen din ligg i nærleiken av tenestestaden.

    Søknad om heimebuarstatus kan godkjennast når
    a) Avdelinga ikkje har forlegning eller forpleiingskapasitet.
    b) Det ligg føre sosialmedisinske eller andre tungtvegande velferdsgrunnar. Gifte og sambuande med omsorg for barn har prioritet.

    Dei som får heimebuarstatus får ekstra pengar frå Forsvaret til mat.​

    Dei som får heimebuarstatus og har meir enn 2,5 kilometer til tenestestaden, får også dekt reise kvar dag på billigst måte (eksempel: månadskort).​

  2. Forsvaret overtek ikkje økonomiske forpliktingar som du frivillig har teke på deg.

    Har du andre behov for sosial eller økonomisk hjelp, må du ta kontakt med sosialsaksbehandlaren der du skal tenestegjere. Sosialsaksbehandlarane er der for å gi deg rettleiing og hjelp. Stønad på sosialt grunnlag kan vurderast i tilfelle der dei andre ordningane ikkje fangar opp dine behov.​

    Forsvarets hjelpefond

    Forsvarets hjelpefond har som formål å yte økonomisk eingongsstønad til soldatar som er komne i uventa økonomiske vanskar under førstegongstenesta. Det dreiar seg då om forhold som ikkje er dekte av andre ordningar.

    Ta kontakt med sosialsaksbehandlaren ved avdelinga di for å få hjelp med søknaden om stønad.

  3. Nei, Forsvaret gir normalt ikkje støtte til privat bilhald, som utgifter til billån, forsikring, avgifter osv. 

  4. Så lenge det lèt seg kombinere med tenesta di, har ikkje Forsvaret innvendingar mot at du arbeider ved sida av førstegongstenesta. Det finst ingen avgrensingar for kor mykje du kan tene ved sida av.​

    Får du derimot behovsprøvde stønader frå Forsvaret, kan desse stønadene blir påverka av kor store inntekter du / partnaren din / ektefellen eller sambuaren din med felles barn har ved sida av. 

Forsikring

Sanitetssoldat snakker på samband

I perioden frå du reiser til førstegongsteneste og heilt fram til du dimitterter kan du ha krav på å få dekt utgifter og få erstatning.

  1. I førstegongstenesta får du yrkesskadefordelane i folketrygdloven for alle kroppsskader eller sjukdommar som skjer under tenesta. «Under tenesta» vil seie perioden frå du reiser til førstegongsteneste og heilt fram til du dimitterer.

    Det er ikkje krav om at skaden eller sjukdommen skal være ein følgje av ei arbeidsulykke.

    For arbeidsulykker kan du få erstatning etter yrkesskadeforsikringsloven.

    Skaden har skjedd

    Om du er skadd i førstegongstenesta må du få skaden registrert hos Forsvaret. Sjå framgangsmåte på Mi side.

  2. For private eigedelar er hovudregelen at du sjølv er økonomisk ansvarleg. Forsvaret anbefaler at du har privat reiseforsikring.

    Medan du er i førstegongsteneste (perioden frå du reiser til førstegongsteneste og heilt fram til du dimitterer) gjeld «Forskrift om billighetserstatning i Forsvaret». Det vil seie du kan søke om erstatning for skade eller tap på private eigedeler om skade/tap er skjedd i samband med tenesta ved tjuveri, innbrot, naturskade, brann med meir.

    Under private reiser, som ikkje skjer i samband med tenesta, har du ikkje krav på erstatning.

    Vilkår for erstatning

    • Gjeld berre private ting som du har bruk for i tenesta
    • Tap/skade skjer i tenesta (ikkje fritida)
    • Du kan sjølv ikkje bli bebreida for skade/tap
Pil til høyre
Førstegongsteneste