Norsk English
IMG_6086

Eitt år med smittevern på rekruttskulen

12. mars 2020 stengde Noreg ned for første gong. Berre nokre veker seinare skulle rekruttskulen ved KNM Harald Haarfagre på Madla ta i mot rundt tusen rekruttar. Eitt år seinare har dei utdanna fire kontingentar under strenge smitteverntiltak.

Det blei raskt eit faktum at rekruttskulen i april 2020 ikkje kunne gjennomførast på same måte som alle dei tidlegare rekruttskulane. Like klart var det at rekruttskulen uansett måtte gjennomførast. Sjøforsvaret og Luftforsvaret er avhengig av nye soldatar for å sikre kampkraft og drift av både fartøy og basar, og desse soldatane må ha grunnleggjande soldatutdanning.

– Det er særdeles viktig å oppretthalde styrkeproduksjon både i fred, krise og krig – og det same gjelder under ein pandemi. Som eit eksempel kan det nemnes at halvparten av mannskapet på ein minerydder er vernepliktige. Dei vernepliktige er grunnmuren og bærebjelken i det norske forsvaret, seier sjef KNM Harald Haarfagre, kommandør Ronny Kristoffersen.

JW180300-22.jpg
Sjef KNM Harald Haarfagre, kommandør Ronny Kristoffersen. Foto: Johannes Wiken

 

No, i april eit år seinare, er den nye måten å gjennomføre rekruttskulen på blitt normalen. Når kontingent 2104 kjem til Madla er KNM Harald Haarfagre forberedt på å ta dei i mot med det som no er godt innarbeida rutinar. Dette er eit resultat av det harde arbeidet som blei lagt ned i løpet av fjoråret.

«Madlamodellen»

For å kunne ha tilstrekkelig smittevern på rekruttskulen, var det viktig å opprette kohortar og begrense mengda nærkontaktar inne på leir. Til vanleg et alle dei rundt tusen rekruttane i same messa, saman med både tilsette og avdelingssoldatar. No var dette ikkje lenger mogleg, og alternativet blei «Madlamodellen».

På rekordtid blei over fire tusen kvadratmeter med telt pakka ned. Telta hadde blitt brukt for deltakarar under Vasaloppet i Sverige, og no skulle dei sendes til Noreg for å romme framtidas soldatar.

Telta nådde over grensa akkurat i tide før ho stengte. Då telta ankom Madlaleiren, blei appellplass gjort om til ein camp med seks store telt. Etter to veker med intensivt arbeid stod campen klar til å ta i mot dei nye rekruttane.

– Dette kravde felles arbeid der smittervern blei satt i høgsetet, samtidig som det var viktig at vi fekk kvalitet på utdanning av rekrutter og avdelingssoldatar. Alle la ned ein beundringsverdig innsats, og eg er verkeleg stolt over avdelinga. Smitteverntiltaka var mange og omfattande, men vi har bevist at planane vi la fungerte, seier Kristoffersen.

Som eit bataljonsnett i strid

«Madlamodellen» endra ikkje berre kvardagen til rekruttane. Både avdelingssoldatar og tilsette måtte tilpasse seg nye arbeidsoppgåver. Blant anna køyrer transportsoldatane på leir til saman over to mil kvar einaste dag, for å frakte mat mellom kjøkkenet og telta. Det er ein operasjon i seg sjølv, og kommunikasjonen mellom telta kan til tider minne om eit bataljonsnett i strid.

På ein dag blir om lag 300 brød, 500 yoghurtar, 22 bakkar med salat, 60 containarar med middag og 160 liter juice køyrt ut til telta. Dette er i tillegg til uttallige pakkar med pålegg, mykje frukt, dessert og store tankar med varmt vatn til te og kaffi.

Med smittevern som øvste prioritet

Soldatutdanninga er viktig, men å unngå smitteutbrot er viktigare. Øvste prioritet for KNM Harald Haarfagre har difor heile vegen vore smittevern. Våpen, sanitet og grunnleggjande soldatferdighetar kjem i andre rekke. Så langt det lar seg gjere har dei gjennomført eit vanleg utdanningsløp, men med tidvis tilpassing for å unngå risiko for spreiing av smitte.

– Vi har vald å leggje eit lågare ambisjonsnivå for øvinga, for å kunne prioritere smittevern. Det viktigaste for oss er at rekruttane og dei tilsette held seg friske og raske,  sa sjef Sjøseksjonen på rekruttskulen flotiljemester Steffen Åsland under ei feltøving for rekruttane tidligare i år.

Det har vore eit krevjande år for alle, også for ungdommen som har vore eller er inne til førstegongsteneste. Sjef KNM Harald Haarfagre vil difor rose innsatsen og pågangsmotet til rekruttane og soldatane.

– Det å tenestegjer under ein pandemi har vore utfordrande, men vi ser at rekruttane har vore innstilt på det. Kvaliteten på ferdighetar hos rekruttane har ikkje gått ned, heller tvert imot - dei har vore så mykje i leir at dei har hatt ekstra tid til å øve og trene på eigen hand. Soldatane har også fått eit ekstra tett samhald, noko som har vore positivt. Men, det har nok i sum vore ei krevjande periode for oss alle, avsluttar sjefen.

Fakta om KNM HH og «Madlamodellen»

KNM Harald Haarfagre gjennomfører rekruttskule for Sjøforsvaret og Luftforsvaret fire gongar i året.
I april 2020 blei «Madlamodellen» til. Rekruttskulen kunne ikkje gjennomførast på same måte som tidlegare, grunna koronaviruspandemien.
«Madlamodellen» er i grove trekk ein modell som unngår at dei forskjellige troppane og kohortane blandar seg med kvarandre. Dette klarar dei ved hjelp av 6 store telt på appellplass - der alle måltid inntas og undervisning og velferdsarrangement for rekruttane foregår.
Andre smittevernstiltak på rekruttskulen har vore portforbud for rekruttane gjennom alle 8 vekene, testing av alle med symptom – i tillegg meir utstrakt testing for nokre kontingenter, eigne bussar frå flyplassen og ferdig pakka utstyr frå depot.