Norsk English
20230613TH_0023

Etikk i fred, krise og krig

Tysdag 13. juni deltok forsvarssjef Eirik Kristoffersen i samtale med etisk råd for forsvarssektoren om etikk i fred, krise og krig. 

Etisk råd for forsvarssektoren (ERF) skal styrke etisk medvit og etisk refleksjon blant alle tilsette i forsvarssektoren. Tysdag inviterte dei til samtale på Litteraturhuset i Bergen, for å diskutere korleis Forsvaret kan gjere soldatar og tilsette i Forsvaret rusta til å utføre oppdraga sine på ein moralsk forsvarlig måte. 

– Det er viktig at vi har gode refleksjonar rundt etikk og moral når vi skal utøve makt på statens vegne. Vi skal kjenne til reglane for krigføring og ha ein god moral for å stå saman når det trengs, både i fred, krise og krig, sa forsvarssjef Eirik Kristoffersen. 

20230613TH_0016.jpg
Forsvarssjefen i samtale med Gudmund Waaler, medlem av ERF. 
20230613TH_-7.jpg
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen. 

Ein del av kvardagen

Sidan den første rapporten om mobbing og seksuell trakassering (MOST) kom i 2018, har Forsvaret gjort fleire tiltak for å setje meir fokus på etikk og moral, og skape ein inkluderande kultur i Forsvaret. 

– Vi ser at tiltaka har fungert, men det er enda ikkje godt nok. Moral og etikk må jobbast med heilt frå rekruttskulen til du blir pensjonist. Det må vere ein del av kvardagen, sa forsvarssjefen. 

Han legg til at vi aldri må ta for gitt at vi held dei standardane som er forventa av oss både i samfunnet og internt i Forsvaret. 

– Det er viktig at vi tek oss tid til å setje oss ned og ta dei samtalene om korleis vi har det og korleis vi bør ha det. I laget, i gruppa, på lugaren - kor som helst. Vi må saman vere sikre på at vi etterlever det vi har sagt vi skal etterleve, avsluttar forsvarssjef Eirik Kristoffersen.