Norsk English
image0

Folland på plass i Brussel

Onsdag 4. september starta generalløytnant Rolf Folland i stillinga som sjef for Militærmisjonen i Brussel.

Militærmisjonen i Brussel (MMB) er det norske forsvarets representasjon ved NATO-hovudkvarteret i Brussel. I dag fekk avdelinga ny sjef då generalløytnant Rolf Folland tok over sjefsjobben etter viseadmiral Louise Dedichen.

Folland er takksam for tilliten han har fått frå forsvarssjefen.

– Eg ser fram til å vidareføre arbeidet for å oppretthalde og styrke NATOs relevans i ei stadig meir utfordrande tryggingspolitisk situasjon. Samstundes ser eg fram til å skape ein betre balanse mellom arbeid og familieliv i mi nye rolle, etter tida som sjef for Luftforsvaret, sa Folland under sjefsskiftet.

Sjefen sin faste represenant

Det er ein viktig jobb han har teke fatt på. Som sjef MMB er Folland no fast representant i NATOs militærkomité og er forsvarssjefen sin militære representant i NATO og Den europeiske union. Sjef MMB er også rådgjevar i militære saker og spørsmål for dei norske ambassadørane til NATO og EU.

Forsvarssjef, general Eirik Kristoffersen, var til stades under sjefsskiftet i NATO-hovudkvarteret i Brussel onsdag. Der takka han generalløytnant Rolf Folland for at han har teke på seg sjefsrolla og ønskte han lukke til med den nye utfordringa i den diplomatiske verda.

Banebrytande forgjengar

Samtidig vart avtroppande sjef MMB, viseadmiral Louise Dedichen, takka av. Ho har hatt stillinga sidan januar 2020 og har skrive historie som første kvinnelege militærrepresentant for NATO, og som den første kvinna til å leie militærkomiteen. Forsvarssjefen uttrykte djup beundring for Dedichens innsats og understreka korleis karrieren hennar har vore ei inspirasjon for andre. Han konkluderte med å påpeike at Forsvaret i dag er ein betre stad for kvinner, takka vere bidraga frå pionerar som Dedichen.

Gjennom fire og eit halvt år i stillinga har Dedichen stått overfor store utfordringar, som tilbaketrekkinga frå Afghanistan, pandemien og Russlands angrep på Ukraina.

Forsvarssjefen omtala Dedichen som banebrytande og inspirerande, og la til at ho har spelt ei avgjerande rolle i å styrke NATO og bidrege til å gjere alliansen meir relevant enn på lenge.

Også Noregs ambassadør til NATO, Anita Nergaard, takka for det gode samarbeidet med Dedichen. Ho framheva den verdifulle erfarings- og kunnskapsutvekslinga mellom Forsvarsdepartementet, Forsvaret og den diplomatiske tenesta, som ho seier har styrka NATOs relevans i Noreg.