Slik har vi og våre allierte trena på å takle alle typar truslar
Samstundes som verdas største krigsskip, USS «Gerald R. Ford», ligg i Oslo, går den amerikansk-leia øvinga Formidable Shield 23 mot slutten. Øvinga har føregått på Andøya og ved Hebridane i Skottland.
Formidable Shield 23 er ei maritim skarpskytingsøving der 13 allierte nasjonar har trena på integrert missil- og luftforsvar. Øvinga har lagt til rette for trening innanfor høgaktuelle område både mellom forsvarsgreinene og mellom allierte. Det er ei av få øvingar som inkluderer alle domene. Dette gjer at vi kan forsvare oss mot heile spekteret av truslar – på land, under vatn, i lufta, i rommet og i cyberdomenet.
– Dette er noko av det mest avanserte både NATO-nasjonar og Noreg gjer for å utvikle fagfelt, konsept og taktikk. Moderne krigføring krev at vi jobbar saman for å få til eit effektivt felles missil- og luftforsvar, fortel øvingsleiar for Sjøforsvaret kommandør Frode Røte.
Har leia skarpskytingane
Det er STRIKFORNATO og den amerikanske sjetteflåta som har leia øvinga og som er taktisk sjef. Noreg har hatt representantar med i øvingsplanlegginga og har i tillegg fungert som vertsnasjon for første del av øvinga.
– Vi har leia skarpskytingane som har føregått på – og utanfor Andøya og har støtta skytingane saman med Andøya Space, seier øvingsleiaren.
Skarpskyting med missil kan ikkje gjennomførast kor som helst, men skytefelta til Andøya Space er godt eigna til denne typen øvingar.
– Forsvaret har gjennom mange år hatt eit godt samarbeid med Andøya Space. Dei har gode fasilitetar på land, i tillegg har dei ressursane som trengs for å leie skyteøvingar. Området er også gunstig, fordi det er relativt lite trafikk både på sjøen og flytrafikk i lufta, forklarer Røte.
Saman mot ein felles trussel
Luftforsvaret og Hæren har også delteke på øving Formidable Shield 23, med Luftvernsbataljonen og Kampluftvernet. Sjef for kampluftvernet, kaptein Ruben Getz, fortel at det har vore fleire gode øvingsmoment for dei.
– Først har vi trena på å deployere over ein lengre avstand, for så å integrere oss i ein felles operativ styrke som jobbar mot ein felles trussel. Vi har vore med på fleire scenario, og mellom anna koordinert forsvar saman med norske og allierte fartøy mot ein trussel som kjem inn mot land, fortel Getz.
Under øvinga fekk kampluftvern verdifulle erfaringar og testa løysningar som dei tidlegare aldri har brukt.
– Vi fekk skyte mot eit mål som blei gitt til oss av eit fartøy. Dei ga oss måldata over ei sambandsløysning som vi ikkje har brukt før. Det var ei av målsettingane under øvinga og vi er fornøgd med utfallet, forklarer sjefen for kampluftvernet.
I eit av scenarioa fungerte Hærens kampluftvern og fregatten KNM «Roald Amundsen» som eit skjold, slik at US Marine Corps kunne skyte mot trusselen med HIMARS-missil.
Luftvernbataljonen sitt oppdrag under øvinga var å forsvare alliert og sivil infrastruktur.
– Rolla vår under skarpskytinga var å forsvare infrastrukturen i området Nordmela mot truslar frå lufta. Å trene på denne rolla saman med samvirke med allierte og dei andre forsvarsgreinene gjorde at Formidable Shield gav oss eit godt utbytte, seier nestkommanderande i Luftvernsbataljonen, major Bengt Bratland Nermark.
Sterkare saman
Formidable Shield er ei skarpskytingsøving som blir halden kvart andre år. I starten var det ei mindre øving med eit operasjonsområde utanfor Hebridane, men i 2021 blei Andøya tatt i bruk for første gong.
– Øvinga har utvikla seg til å dekke eit større havområde og inkludere fleire land og nasjonar. I år er 13 nasjonar med, og målsettinga er at alle skal jobbe ut frå same situasjonsforståing og med det same oversiktsbiletet. Det er må til for at vi skal kunne fungere best mogleg saman, òg i ein reell situasjon, forklarar øvingsleiar, kommandør Frode Røte.
Det er positivt for utviklinga og for utbyttet av øvinga at Andøya blir nytta som operasjonsområde. I tillegg er det positivt for Noreg å fungere som vertsnasjon for allierte fartøy og avdelingar.
– Vi får trena oss på å ta imot større allierte styrkar, samstundes som allierte blir betre kjend med å operere i våre nærområde,
Formidable Shield 23 går mot slutten, men samtreninga utanfor norskekysten held fram. Hangarskipet USS «Gerald R. Ford» ligger i Oslo no før dei skal segle vidare for å trene saman med norske styrker utanfor kysten vår. Samtidig startar den årlege øvinga Baltops i Austersjøen.