Norsk English
Lars Huse-1

Ny sjef for plan og utvikling i Forsvarsstaben

Brigader Lars Huse er utnemnd til generalmajor og skal leie Plan- og utviklingsavdelinga i Forsvarsstaben.

Utnemninga skjedde i statsråd fredag 9. august, og han han startar i den nye stillinga når Forsvarsdepartementet avgjer det.

– Lars Huse er ein særs dyktig, samvitsfull og omgjengeleg leiar og offiser, som har vist solide resultat gjennom mange år. Eg ser fram til vidare samarbeid med han, spesielt i det viktige arbeidet med realiseringa av den nye langtidsplanen for forsvarssektoren, hvor Huse har ei svært sentral rolle, seier sjef Forsvarsstaben, generalløytnant Ingrid Gjerde.

Huse har lang og omfattande operativ tenesteerfaring frå Hæren, mellom anna som batterisjef, sjef for utviklingsseksjonen, planoffiser og operasjonsoffiser.

huse-topbpilde.jpg
Huse leia i 2022-23 arbeidet med Forsvarssjefens fagmilitære råd.

Han har vore bataljonssjef i Brigade Nord og fagsjef artilleri og luftvern ved Hærens våpenskule. Huse har jobba i ei årrekkje med å utvikle planverk i Forsvaret og for NATO. Han leia mellom anna arbeidet med Forsvarssjefens fagmilitære råd som blei klart i 2023. Etter dette var han sjef Planavdelinga i Forsvarsstaben. 

Huse har internasjonal erfaring som operasjonsoffiser i Afghanistan frå 2004 til 2006, og som sjef for det norske PRT i Meymaneh i Afghanistan i 2011. Frå 2016 til 2017 var han leiar for eit planteam i NATO-hovudkvarteret SHAPE med fokus på nordområda.