K9 Vidar skyt i Noreg for første gong
Det nye artillerisystemet K9 Vidar er på plass i Noreg. I heile 2020 er testingen i full sving.
Dei første vognene kom til Noreg i desember 2019, og frå 2021 skal 24 vogner og seks ammunisjonskøyretøy vere klare til bruk. I heile 2020 driv Hæren grundig testing av det nye systemet.
– Det gir en høgare operativ effekt, større eldkraft, større mobilitet og eg trur det vil vere en stor forbetring for soldatane å få eit heilt nytt system, seier oberstløytnant Nils Inge Træen, prosjektleder frå Forsvarsmateriell.
Det nye artillerisystemet Vidar (Versatile Indirect Artillery System) erstattar dagens M109-system frå 1960-åra.
– Eg kjenner att mykje frå M109, men det er lagt på nye system, seier sersjant 1 kl. Thomas Bø Syrstad, skyttar i Artilleribataljonen.
– Endelig har eg nok takhøgd til å stå også, ler han.