
Klare for å deployere med britisk hangarskipsstyrke
Storbritannia skal snart segle med ei hangarskipsstyrke til Indo-Stillehavet saman med fleire allierte. Den norske fregatten KNM Roald Amundsen er det einaste ikkje-britiske fartøyet som skal segle saman med hangarskipsstyrka under heile seglasen.
I vår vil det britiske hangarskipet HMS Prince of Wales segle frå Storbritannia for å gjennomføre eit åtte månadars langt oppdrag i Middelhavet, Indiahavet og Stillehavet. Gjennom oppdraget vil fleire allierte fartøy delta, for å saman vise forplikting til å oppretthalde regional og global sikkerheit. Noreg, som ein av verdas største sjøfartsnasjonar, har også betydelege globale interesser.
Fregatten KNM Roald Amundsen skal segle saman med hangarskipsstyrka under heile operasjonen. Under operasjonen skal eit britisk Wildcat-helikopter operere ut frå KNM Roald Amundsen, og helikopterbesetninga skal vere om bord på den norske fregatten. Logistikkfartøyet KNM Maud er også planlagt med å delta på deler av deployeringa for å støtte gruppa.
– Dette er eit viktig oppdrag som viser at Noreg står saman med nasjonar som deler våre verdiar og at vi er med på å ta ansvar for maritim sikkerheit og internasjonal rett, slik som havretten. For Sjøforsvaret er dette ei svært god anledning til å vidareutvikle vår evne til å drive avanserte fellesoperasjonar med ei hangarskipsgruppe og andre militære einingar som er sentrale i allierte forsvarsplanar og som vi samverkar med også i norske nærområde. I tillegg vil oppdraget styrke våre allereie sterke band til den britiske marinen, noko som er svært viktig i dagens situasjon, seier sjef Marinen, flaggkommandør Kyrre Haugen.

Det er viktig at både fartøya og besetningsmedlemma er klare, når vi skal operere i eit område av verda der norske marinefartøy sjeldan segler. Marinen er godt i gong med førebuingane, og dei siste månadane har klarering og opptrening for besetningsmedlem, og vedlikehald og opprusting av fartøya vore høgt prioritert.

– Vi har brukt mykje tid på å førebu oss til dette oppdraget, og eg er trygg på at besetninga på KNM Roald Amundsen er klare for å løyse oppdrag når vi no skal segle saman med den britiske hangarskipsstyrken. Den siste tida før avreise vil bli brukt på å ferdigstille førebuingane for besetningen og for fartøyet. Dette inkluderer heile spennet frå teknisk klargjering, lasting av ammunisjon og andre forsyningar samt tiltak for ivaretaking av familiar under oppdragsløysinga, seier skipssjef på KNM Roald Amundsen, kommandørkaptein Roger Lervik.

Fakta: Seglas med britisk hangarskipsstyrke
-
Noreg deltar med fregatten KNM Roald Amundsen og logisitikkfartøyet KNM Maud i ein operasjon med ei britisk hangarskipsstyrke leia av hangarskipet HMS Prince of Wales.
-
Hangarskipsstyrka skal gjennomføre eit åtte månadars langt oppdrag i Middelhavet, Indiahavet og Stillehavet. Gjennom oppdraget vil fleire allierte fartøy delta.
-
Noreg, som ein av verdas største sjøfartsnasjonar, har også betydelege globale interesser. Utviklinga i Indo-Stillehavsområdet påverkar også vår sikkerheit. Difor er det viktig at vi aukar vår kunnskap og forståing for situasjonen.
-
Storbritannia er ein av våre viktigaste allierte, og det er viktig for oss å kunne operere tett integrert med britiske styrker.
-
Eit britisk Wildcat-helikopter skal operere ut frå KNM Roald Amundsen under heile operasjonen, og helikopterbesetninga skal vere om bord på den norske fregatten.
-
I løpet av seglasen skal hangarskipsstyrka delta på ei øving i Australia kalla «Talisman Sabre». Her vil også Luftforsvaret delta.
-
Etter om lag fire månadar skal det gjennomførast besetningsbytte. På kvar besetning er det rundt 32 av besetningsmedlemma som er vernepliktige gastar.
Til media
Meir info om avgangsdato og operasjonen vil bli oppdatert her.
Pressekontakter
Kommunikasjonssjef i Sjøforsvaret, kommandørkaptein Christian Oseberg
Mail: coseberg@mil.no Telefon: +47 989 05 256
Talsperson i Sjøforsvaret, orlogskaptein Kjartan Sildnes
Mail: ksildnes@mil.no Telefon: +47 975 32 651
Kommunikasjonsbefal på KNM Roald Amundsen, Kvartermester Helene Synes
Mail: hsynes@mil.no Telefon: +47 469 44 008