Norsk English
knm-maud-RAS_Thumbnail

KNM «Maud» har nådd viktig milepåle

Takka vere nokre liner, tau og ein slange gjer logistikkfartøyet KNM «Maud» det norske sjøforsvaret langt meir utholdande.

Det er høgt tempo på dekk. Fregatten KNM «Fridtjof Nansen» seglar opp langs skutesida til det store logistikkfartøyet.

Avstanden mellom fartøya er berre hakket større enn breidda til KNM «Maud». No må alle skjerpe fokuset sitt, for å effektivt og trygt fylle drivstoff på fregatten, på sjøen og i fart.

Viktig for Sjøforsvaret

Denne veka har KNM «Maud» nådd ein viktig milepåle. Då Sjøforsvaret overtok logistikkfartøyet i 2018, var det første gong dei hadde eit fartøy som kunne tilby etterforsyning av drivstoff på sjøen. No har besetninga for første gong gjennomført ein slik type operasjon, ein RAS – replenishment at sea.

Dette er ein operasjon som krevjar mykje av besetninga, for å ivareta tryggleiken samstundes som dei sørger for at fartøyet dei støtter får påfyll av drivstoff på effektivt vis. Både fregatten KNM «Fridtjof Nansen» og KNM «Maud» er store fartøy, og å segle så nærme kvarandre over tid, er ikkje utan risiko. Med den risikoen i fokus skal besetninga samtidig gjennomføre ein omfattande operasjon.

Krevjande operasjon

Medan det er høgt tempo og mykje som skjer på dekk, er det rolig og beherska stemning på brua. Alle konsentrerer seg om sitt, og beskjedane er korte og presise. Når fartøy segler side om side under ein RAS, må dei over lang tid halde same kurs og hastighet. Alle på bru må difor vie oppmerksamheita si til fartøyets kurs og fart. I tillegg er det frå brua dei kommuniserer med fartøyet som får drivstoff.

Nede på dekk er fokuset på andre områder. Her skal liner og tau klargjeres, og hovudvaieren skal løysast frå dekk. Det er kaldt ute, og alle jobbar iherdig for å få alt på plass. Til slutt er alt klart, og dekksgjengen stiller opp.

– Klar! Rapporteras det frå dekk og frå maskinkontrollrom.

Vaktsjef svarar.

– Det er godt!

Så effektivt som mogleg

RAS-operasjonen er i gong. Først skyt dei ei tynn line over, før eit stadig tjukkare tau blir overført til det fartøyet som skal få drivstoff. Til slutt kjem ein kraftig vaier som dei festar i ei slipphake på fartøyet. Ei anna viktig line, er distanselina. Den gjer at vaktsjefen på fartøyet som mottar drivstoff, enkelt kan sjå at fartøya held riktig avstand under operasjonen.

Når alt er klart, startar dei pumpene og ventilane om bord på KNM «Maud», slik at drivstoffet kan bli overført til det mottekne fartøyet. KNM «Maud» kan levere opptil 600 kubikkmeter drivstoff i timen, tilsvarande 600 000 liter. Normalt vil ein RAS gå føre seg i mellom tretti minutt og ein time. Med tanke på at begge fartøya er sårbare under prosessen, er det viktig at han går så effektivt som mogleg.

Styrker den operative evna

Som multirolle logistikkfartøy, skal KNM «Maud» være rusta til å støtte andre marinefartøy med det dei måtte ha behov for, både proviant, ammunisjon og utstyr. I større operasjonar kan fartøya også ha behov for å halde seg på sjøen utan å leggje til kai for å fylle drivstoff. Då er KNM «Maud» eit viktig verktøy for å styrke kontinuiteten til fartøya.

– Vi er i ferd med å nå eit mål for ein prosess som for nokre av oss starta i 2013. Det er stort, både for heile besetninga og personlig for den einskilde, seier skipssjef kommandørkaptein Thorvald Dahll.

190226_MVV_9700.jpg
Skipssjef på KNM Maud, kommandørkaptein Thorvald Dahll.

Når KNM «Maud› kan utføre ein RAS, er dei nærmare å nå sitt fulle potensial som logistikkfartøy. Det styrkar den operative evna deira, og gjer dei betre rusta til å delta i operasjonar i inn- og utland. Dette er stort både for besetninga på KNM Maud, men òg for Sjøforsvaret og for NATO.

– No er det stadig sterkare indikasjonar på at fleire og fleire piler peiker oppover for KNM «Maud». Det gir oss ei forsterka tru på at vi skal kunne klare å yte når vi seinare skal deployerast. Eg merkar at vi har fått ein viktig auke i sjølvkjensle som besetning. Det er god synleg – alle rettar seg opp og er tydleg stolte av det vi held på med, avsluttar skipssjefen.