Norsk English
KNM Otto Sverdrup, flaggskip i SNMG1 under en photoex i Østersjøen // HNoMS Otto Sverdrup, flagship of the SNMG1 force, during a Photoex in the Baltic Ocean

KNM Otto Sverdrup ferdig med krigsgodkjenning i England

Etter fire intense, hektiske og lærerike veker i England bestod KNM Otto Sverdrup denne veka eksamen med gode resultat. No ventar innreisekarantene for besetninga.

Fregattbesetninga på KNM Otto Sverdrup reiser denne veka heim med godt resultat frå «Fleet Operational Sea Training» (FOST) i England. Dei siste vekene har dei vore gjennom heile spekteret av maritim krigføring. Frå å ivareta krigsskipets sikkerhet til kai i fredstid til å vinne krigen i dei mest komplekse sjømilitære operasjonane.

20200123JØ_9436.jpg
Skipssjef på KNM Otto Sverdrup, kommandørkaptein Iris Fivelstad.

­– Det er ei viktig anerkjenning og god motivasjon for besetninga som det siste året har jobba hardt og lenge for å oppnå desse resultata, seier skipssjef på KNM Otto Sverdrup, kommandørkaptein Iris Fivelstad om tilbakemeldinga frå den britiske marinen.

Sjøforsvaret har årleg fartøy i England for å sikre at øvinga heime er god nok til å halde eit høgt beredskapsnivå. På FOST finst det fleire ressursar enn Sjøforsvaret har, så øvingsutbytet fregatten får i England er mykje større enn det hadde vore i Noreg. Difor vart den planlagde England-turen sett på som ei nødvendig reise.

Undervegs har besetninga vorte testa og observert av inspektørar frå den britiske marinens krigstreningssenter, FOST, i Plymouth i Storbritannia. Treningssenteret er anerkjent i NATO og blir nytta som standarden for operasjonelt treningsnivå hos fleire av våre allierte.

Gjennom heile opphaldet har besetninga hatt landlovsnekt, og har ikkje ein gong sett beina på kaia i Plymouth. Hyppig handvask og handsprit har vore ein del av kvardagen, og kontaktflater vart vaska med klor fleire gonger om dagen. Om bord har dei husa instruktørar frå England, Tyskland, Nederland, Danmark, Noreg, Frankrike og til og med Chile.

Før og under opphaldet til den norske fregatten satt instruktørane og familiane deira i skjerming. Undervegs har dei vorte testa for koronavirus fleire gonger og hatt eigne sanitærfasilitetar, opphaldsrom og etetider. Når dei ikkje instruerte opphalde dei seg i hangaren og ingen har fått overnatta om bord.

– Vi vil gjerne anerkjenne og takke for dei strenge tiltaka som instruktørane og deira familiar har levd under, for å kunne legge til rette for vår trening. Det har vore eit stort fokus på smittevern heile vegen, for det er ikkje mogleg å gjennomføre ei slik omfattande godkjenning utan å ta om bord observatørar, seier kommandørkaptein Fivelstad.

Dette er karantenereglane for besetninga:

  • Alt personell blir testa ved heimkomst.
  • Besetninga følgjer til ei kvar tid gjeldande føringar frå regjeringa og FHI.
  • Sjøforsvaret har tilbydd besetninga å gjennomføre karantene på to ulike måtar:

1) Heime i privat bustad på same måte som privatpersonar med bustad i Noreg. Det er på det sterkaste oppmoda om å bruke privat framkomstmiddel til karantenestad.

2) Karantenehotell i regi av Sjøforsvaret. Her blir personell satt i karantene på eigne hotellrom. Saniteten i Sjøforsvaret anbefaler sterkt at besetninga vel hotellkarantene.