Luftforsvaret får ny sjef
Brigader Øivind Gunnerud blei i statsråd fredag utnemnd til generalmajor og sjef for Luftforsvaret.
Gunnerud startar i stillinga når Forsvarsdepartementet avgjer det. Han overtar etter Rolf Folland, som i juni blei utnemnd til generalløytnant og ny sjef for Militærmisjonen i Brussel.
– Generalmajor Øivind Gunnerud har solid tenesteerfaring og innsikt. Han har ei oppriktig forståing for at Forsvaret vårt først og fremst handlar om menneske. Eg er trygg på at han har gode føresetnader til å leie Luftforsvaret i ei spennande tid framover, seier forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
Nye investeringar
Han peikar på at Luftforsvaret dei siste åra har vore gjennom ei omfattande modernisering med mellom anna nye kampfly, maritime overvakingsfly og redningshelikopter.
– Nye investeringar i dronar, helikopter og luftvern vil bidra til eit endå betre luftforsvar, seier forsvarssjefen.
Erfaren sjef
Gunnerud har brei erfaring frå operative stillingar og stabs-, og leiarstillingar. Han er utdanna flygar i Luftforsvaret. Han har floge kampflya F-5, F-16 og F-35. I tillegg til å være utdanna flygar, har Gunnerud høgare utdanning frå Krigsskulen, Forsvarets stabsskule og sjefskurset ved Forsvarets høgskule.
Han har òg erfaring som taktikkoffiser, skvadronsjef og fagsjef kampfly i Luftforsvaret. Han har erfaring frå Forsvarsdepartementet innan strategisk langtidsplanlegging og har dessutan fleire utanlandsoppdrag bak seg.
Sidan 2022 har han vore sjef for Luftforsvarsstaben, og nestkommanderande i Luftforsvaret.