230213_HESY_6697

Verdifullt bidrag til NATO-styrke

I ein månad har Noreg leia NATOs ståande mineryddarstyrke (SNMCMG1) frå KNM Nordkapp. Fram til no har styrken bestått av det norske flaggskipet, ENS Admiral Cowan frå Estland og tyske FGS Rottweil. I dag gjekk også minesveiparen KNM Otra frå kai for å bidra i SNMCMG1.

Vi bidreg jamleg med fartøy i SNMCMG1, som i år har vore ein aktiv styrke i 50 år. Det er viktig at vi bidreg her for å vere med på å minimere den trusselen som miner utgjer både for militær og sivil skipsfart.

 

230213_HESY_6645.jpg
Skipssjef orlogskaptein Kåre Schiøtz. 

 

– Miner er framleis ein aktuell trussel. Dei fleste krigsfartøy som har gått ned sidan andre verdskrig har gått ned på grunn av miner. Mineryddarstyrka si oppgåve er å søke etter - og uskadeleggjere miner og annan ammunisjonen som for eksempel ligg igjen etter verdskrigane, forklarer skipssjef på KNM Otra orlogskaptein Kåre Schiøtz.

Ein unik kapasitet

SNMCMG1 patruljerer hovudsakeleg farvatnet i Nord-Europa og er trena og utrusta for å rydde skarpe sjøminer på kort varsel. Dei patruljerer og trener, men skal også vere klare til å rykke ut der NATO ser behov.

–  Vår rolle som minesveipar er å bidra med vår kapasitet saman med dei tre andre mineryddarane som etter kvart er i styrka. Det finns fleire minejaktfartøy, men vårt bidrag som minesveipar er ganske unikt  i NATO-samanheng. 

Forskjellen på dei to typane mineryddar-fartøy er at minejaktfartøy bruker sonar for å finne miner og kan deretter setje ladningar på eventuelle funn, medan ein minesveipar sleper etter seg utstyr som narrar mina til å tru at ho er eit mål-fartøy. Når mina oppdager magnetiske og akustiske signal som er lik signal frå eit fartøy, vil den gå av. Dei trenger difor ikkje å leite etter miner på havbotnen, men kan sveipe eit området for å klarere det. 

Kjenner på alvoret

Det er snart eit år sidan invasjonen av Ukraina, og året med krig i Europa har prega den sikkerheitspolitiske situasjonen. Oppdraget til mineryddarstyrka er ikkje endra på grunn av krigen, men besetninga kjenner på alvoret og viktigheita av jobben dei gjer.

– Eg er klar over at verdas situasjonen er litt annleis no, men eg bekymrar meg ikkje noko særleg, og eg trur familien heime er ganske roleg. Men eg veit kor viktig jobben min er, og eg gler meg til nye opplevingar, utfordringar og til å gi den innsatsen eg har, seier menig Kristoffer Hobæk som tenestegjer på KNM Otra. 

Det er viktig med førebuingar og klargjering før eit seglas. Dei siste vekene har besetninga brukt tid på klargjering og førebuingar om bord. 

– Vi har brukt mykje tid på førebuingar, og det får meg til å kjenne meg trygg i det vi gjer. Eg er veldig klar for oppdraget, og trur det kan bli spennande og lærerikt, seier visekonstabel Mina Stenseth.

Klare for avreise

Skipssjefen føler også at han og resten av besetninga er klare for oppdraget. 

– Vi har brukt lang tid på førebuingane, og no er vi klare for å kome i gang, seier han. 

Han seier vidare at sjølv om dei skal gjere det dei alltid har gjort i mineryddarstyrka og delta på dei same øvingane, er det med eit anna bakteppe.

– Vi tenker annleis om beredskap og om jobben vi skal gjere og viktigheita av den. Ein av jobbane vi skal gjere er å segle saman og vise flagg - og vise at fleire fartøy frå fleire nasjonar segler saman og viser samhald. Det er enda viktigare no enn det har vore tidlegare, avsluttar skipssjef Kåre Schiøtz.