Forsvaret har fått ny nestkommanderande
Onsdag 1. november tiltrådde generalløytnant Ingrid Margrethe Gjerde som ny sjef for Forsvarsstaben. Med det startar også ein ny epoke for organisasjonen.
Sjefsskiftet skjedde under ein seremoni på Akershus festning i Oslo onsdag føremiddag. I det kjølege haustvêret takka forsvarssjef Eirik Kristoffersen av viseadmiral Elisabeth Natvig og ønskte generalløytnant Ingrid Margrethe Gjerde velkomen i stillinga. Som sjef Forsvarsstaben blir Gjerde òg nestkommanderande for Forsvaret.
– Eg går i gang med jobben med stort ansvar, spenning og audmjukskap, seier Gjerde, som sist kjem frå stillinga som styrkesjef i FN-operasjonen UNFICYP på Kypros.
Store endringar
Parallelt med sjefsskiftet skjer det òg organisatoriske endringar i Forsvarsstaben. Dei siste månadene har avdelinga gjennomgått ein omorganiseringsprosess, og «nye» Forsvarsstaben er etablert frå 1. november med fleire nye avdelingar (sjå faktaboks under).
– Dei største endringane handlar om måten vi skal jobbe på. Vi skal jobbe endå meir integrert mellom avdelingane, slik at vi får betre langsiktigheit og betre heilskap i planane våre, seier den påtroppande sjefen.
Meir strategisk
Forsvarsstaben er forsvarssjefen sin strategiske stab og har ansvar for styringsprosessen og utviklingsprosessen i Forsvaret. I tillegg skal avdelinga støtte forsvarssjefen i utøvinga av kommando og kontroll – og krisehandtering.
Forsvarsstaben skal no jobbe meir integrert gjennom plangrupper med representantar frå dei ulike avdelingane og fagområda. Dette skal gjere avdelinga betre i stand til å gi meir heilskaplege råd til forsvarssjefen.
Gjerde seier hennar viktigaste jobb no blir å få den nye organisasjonen opp og stå – og sørge for godt samarbeid på tvers av teama.
– I det lengre perspektivet blir min viktigaste jobb å vere tilstrekkeleg strategisk. I Forsvarsstaben har vi blitt fort gripen av dei løpande sakene, og det tar mykje tid og fokus. Vi skal sørge for eit godt forsvar i tiåra framover, og derfor må vi sørge for at Forsvarsstaben er strategisk, seier ho.
Ros og skryt til Natvig
Dei siste månadene har Gjerde jobba tett med Elisabeth Natvig og fått lære sin nye arbeidsplass å kjenne. Gjerde skryt av forgjengaren og omtalar henne som både kunnskapsrik og dyktig.
Med sjefsskiftet avsluttar Natvig ein lang og imponerande forsvarskarriere. Under seremonien på Akershus festning drog forsvarssjef Eirik Kristoffersen fram samarbeidet han har hatt med Natvig dei siste åra.
– Grundigheita hennar har gitt meg tryggleik, og vi har funne gode løysingar saman. Samarbeidet med Elisabeth er noko av det mest givande samarbeidet eg har i tida mi i Forsvaret. Ho har ein enorm vilje og arbeidskapasitet, sa Kristoffersen.
Fakta – «nye» Forsvarsstaben
Omorganiseringa av Forsvarsstaben er ein del av det pågåande moderniserings- og effektiviseringsarbeidet i forsvarssektoren, og skal sette avdelinga i betre stand til å møte varsla endringar i sektoren.
Dei viktigaste måla er følgjande:
- omsetje politiske avgjerder til militærstrategiske mål, og sørge for at Forsvaret når dei
- rapportere og gi beslutningsgrunnlag som kan føre til politiske avgjerder i Forsvarsdepartementet
- leie samarbeidet mellom etatane som eit ledd verdikjeda. FST leier og styrer Forsvaret for å nå måla som regjeringa har sett.
- Unngå fragmentering og sikre heilskap og verksemdsforståing. Sjef FST er prosesseigar for alle prosessar og eigar av alle leveransar. Staben etablerer små, effektive tverrfaglege team for å utarbeide spesifikke leveransar.
Avdelingar:
Forsvarsstaben var tidlegare organisert i ni underavdelingar i tråd med den militære Joint-strukturen (J1, J2, osv.). Denne strukturen er avvikla i Forsvarsstaben og erstatta av følgjande nye avdelingar:
- Situasjons- og operasjonssenter (SOS)
- Plan og utvikling
- Økonomi og styring
- Teknologi og IKT
- HR og kompetanse
- Investering
I tillegg til dei faste avdelingane er det per no to førebelse prosjektavdelingar:
- Avdeling for profesjon og kultur
- Modernisering og effektivisering (M&E)